40 år med likestillingslov

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Leserbrev9. juni 2018 er det 40 år sidan Stortinget vedtok den første Likestillingslova. Etter påtrykk frå kvinnerørsla vart likestilling mellom menn og kvinner i løpet av 1970-åra forsøkt sikra både gjennom haldningsendring og ikkje minst gjennom lovverket. Viktige fokusområde var politisk deltaking, tilgang til utdanning, økonomisk likestilling og lik arbeidsdeling og deltaking i omsorgsarbeid. Likestillingslova slo fast at det ikkje er tillate å diskriminere på grunnlag av kjønn. Lova skulle fremje likestilling mellom kjønna og særleg betre kvinnene si stilling i samfunnsliv, heim og arbeidsliv. Lova sette ein ny standard.

Det var Arbeiderpartiet som fremja lovforslaget i Stortinget, og lova kom som eit resultat av ei stadig sterkare kvinnerørsle og eit sterkare medvit rundt skilnader og diskriminering på grunnlag av kjønn. Lova tok opp i seg både eit forbod mot diskriminering av kvinner – men var også klar på at for å oppnå likestilling, var også særbehandling av kvinner nødvendig. Døme på dette var til dømes høve til å kjønnskvotere til stillingar.

Utdanningseksplosjonen på sekstitalet opna nye mulegheiter for kvinnene og førte også til at familiepolitikken måtte endrast. Det vart vanskelegare å argumentere for at dei utdanna kvinnene utelukkande skulle vere heimearbeidande. Derfor vart mange familiepolitiske og likestillingspolitiske saker sett på dagsorden utover på 70-talet: Ny abortlov var eit viktig politisk tema, likeeins krav om likelønn, permisjonsrettar og barnehageutbygging.

Dei sosialdemokratiske regjeringane på 70-talet førte ein svært aktiv familie- og likestillingspolitikk. I 1986 kom Gro Harlem Brundtland si første «Kvinneregjering» til makta, og det vart sett auka fokus på utbygging av barnehagar. Frå midten av 70-talet og fram til no, har fødselspermisjonen blitt utvida frå 12 veker til eitt år. I tillegg har far fått rett til ein del av fødselspermisjonen, og kan ta ein meir aktiv del i familien. Det føregangskvinner har kjempa fram av ordningar, har i aller høgste grad hatt stor betydning for min generasjon kvinner, og likestillingsspørsmål har vore sentrale politiske spørsmål for mange av oss.

På 70- og 80-talet var det også sterkt fokus på at kvinner ikkje skulle utsetjast for diskriminering. Det kom også ei eiga lov for å verne kvinner mot krenkande reklame og spekulativ fokusering på kvinnekroppen. Men korleis er det med kroppsfokus og krenkande språkbruk i dag? Vi veit at omfanget av spisevegring, sjølvskading og andre psykiske lidningar er aukande i vår tid – særleg blant unge kvinner som kjenner på eit stort press om å vere flinke nok og pene nok.

Vinterens #metoo-kampanje har vist oss at kvinner framleis vert utsett for krenkingar- både fysisk og verbalt- og det av menn vi absolutt burde ha forventa noko anna av. Alt dette viser at kampen for likeverd og likestilling må førast vidare – både gjennom lov og regelverk- og ikkje minst gjennom haldningskampanjar.

Likestillingslova har hatt ei svært viktig betydning for å fremje likestilling mellom kjønna. Mykje har endra seg vesentleg i løpet av dei siste 40 åra, det skal det ikkje herske tvil om. Likevel ser vi at det tar lang tid å endre strukturane i samfunnet. Det er framleis behov for særskilte ordningar og lovheimlar for å ivareta kvinnene sine rettar i eit samfunn som på somme område framleis favoriserer menn.

Likestilling mellom kvinner og menn er eitt av FNs berekraftmål. Skal dette målet nåast, er det heilt nødvendig å arbeide målretta for å styrke kvinnene og jentene si stilling i samfunnet. Dette gjeld sjølvsagt i det internasjonale samfunnet, men framleis er det – også i «verdas mest likestilte land» store skilnader mellom kvinner og menn – mellom anna når det gjeld politisk representasjon, lønnsnivå og tilgang til eigedom.

Lat oss ta vare på den viktige arven frå Likestillingslova og føre den vidare!

Eva Hove

Leiar av kvinnenettverket i Møre og Romsdal Arbeiderparti

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags