Feminisme for framtida (mellom mannfolk på Møre)

Yvonne Wold, Ingrid Opedal og Marit Aklestad.

Yvonne Wold, Ingrid Opedal og Marit Aklestad.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LeserbrevFylket vårt ligg ikkje så godt an når det gjeld likestilling. For det første er det ikkje så mange kvinner her. Berre 90 damer per 100 mannfolk i alderen 20-40 år, seier statistikken. Alle skjønar at det reknestykket ikkje går i hop.

Og vi damene som bur her tener mykje mindre enn mennene. Arbeidsmarknaden er sterkt kjønnsdelt, og kvinner si løn utgjer berre 63,6 prosent av manneløna. Vi ligg langt under landssnittet på 86 prosent. Og slik har det visst vore i årevis. Vi har få kvinnelege leiarar, og i lokalpolitikken er om lag to tredelar (middelaldrande) menn. Berre 8 av dei 36 ordførarane i fylket er kvinner.

Noko er på skeiva, men kva er det? Er Møre og Romsdal berre for mannfolk? Kvinner har i alle fall målbart mindre innflytelse og makt her enn elles i landet. Vi tør difor påstå at 8. mars har særleg relevans i vårt fylke.

Så kva kan vi gjere for å sørgje for at Mørekysten ikkje berre er tilpassa mannfolka? Vi ynskjer at vi saman tek grep og set feminisme og likestilling på dagsorden. Vi må setje oss nokre store, hårete mål og peise på. Så klart vi kan bli like dyktige på likestilling som på møbelproduksjon! Vi føreslår å byrje med deltidskulturen.

Vi må endre inngrodde haldningar om at kvinner flest ynskjer seg deltidsarbeid. For å få til dette må vi tilby heile og faste stillingar i kvinnedominerte yrke. Vi må sikre barnehage- og SFO-tilbod til alle, også i utkantane, og få slutt på praksisen på bygdene med småskular som har stengt ein dag i veka. Vi må også auke bemanninga i helsesektoren og i skulen slik at den enkelte si arbeidsbelasting blir mindre. Og fedrar må få meir spelerom som omsorgspersonar. Dette er strukturar som indirekte hindrar kvinner i å arbeide fulltid eller søkje seg til leiarstillingar.

Og like viktig: Vi må koble saman distriktspolitikk og feminisme. Vi må sikre eit rikt tilfang kompetansearbeidsplassar for alle damene som skal heimatt etter endt utdanning. Det gjer vi best ved å stoppe sentraliserings-bulldosaren til regjeringa. Den har løpt løpsk. Ikkje berre raserer den bygdene, den er direkte anti-feministisk, der den tappar distrikta for offentlege (les: kvinnedominerte) arbeidsplassar. Den trugar også eit trygt fødetilbod og ei god barselomsorg i heile fylket. Vi kan ikkje akseptere at det blir spelt lotto med kvinner og barn si helse.

Det er difor gledeleg å sjå at kvinnerørsla rører på seg, og står sterkare enn på lenge. Det ser vi både ute i verda, som t.d. den store internasjonale kvinnemarsjen 21. januar, og her heime, gjennom aksjonane for å bevare akuttfunksjonen ved sjukehuset i Volda og neonatal intensivavdeling i Ålesund. Desse kampane skal vi vinne!

Vi vil oppmode alle til å delta på eit 8. mars-arrangement i år. Feminismen er viktig, og ikkje berre for kvinner. Feminismen kjem heile samfunnet til gode, til og med mannfolka på Møre.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags