Verdien av kultur

Det er ei lovpålagt oppgåve å sørge for eit levande kulturliv, skriv Marit Nerås Krogsæter.

Det er ei lovpålagt oppgåve å sørge for eit levande kulturliv, skriv Marit Nerås Krogsæter.

Av
DEL

MeningerKulturlivet i Møre og Romsdal er mangfaldig, det utfordrar og det gjev oss som innbyggjarar ei kjensle av at me høyrer heime ein stad. Dette er verdiar og arbeid som enkelte i den offentlege debatten meiner fylkeskommunane ikkje skal halde på med, og her tar dei grundig feil.

I kulturlova, som for øvrig skal reviderast i løpet av kort tid, står det at «Fylkeskommunen og kommunen skal syta for økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak som fremjar og legg til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd regionalt og lokalt». Eit klart mandat til fylkeskommunane om at kultur er ei lovpålagt oppgåve som dei skal prioritere.

I det offentlege ordskiftet blir det trekt fram argument som at ein kan omfordele midlar frå kultur til andre sektorar, til dømes til å redusere takstsone på ferjer. Det som mange gløymer, til og med fylkestingspolitikarar, er at me har ein fylkesplan som legg dei overordna føringene for korleis me skal jobbe for å klare å omstille fylket, skape attraktive bu- og arbeidsmarknadsregionar og fremje integrering. Kultur er eit innsatsområde, på lik linje som samferdsel og kompetanse og verdiskaping.

I økonomiplanen til Møre og Romsdal fylkeskommune for 2020-2024 kjem det fram at me brukar berre 3% av driftsutgiftene totalt i fylkeskommunen til kultur, medan samferdsel og utdanning står for 82% av dei same driftsutgiftene. I den store samanhengen er det ikkje kulturen som skal redde fylkeskommunen sin økonomi, men den kan vere med på å byggje fylket saman gjennom å skape ringverknadar som aukar kommunene sine inntekter og som gjev oss noko å leve for.

Ringverknader

Møre og Romsdal brukar meir enn gjennomsnittet av fylkeskommunane til kulturformål, og mesteparten av støtta frå fylkeskommunen går til frivillige lag og organisasjonar. I 2019 fekk Møre og Romsdal fylkeskommune gjennomført ein ringverknadsanalyse av seks kulturarrangement i fylket for å finne ut kva ringverknadar kulturelle aktivitetar i fylket kan ha. I denne analysen såg ein på kva ringverkandar Operaen i Kristiansund, Kristiansund Kirke Kunst Kulturfestival, Nordic Light, Lady Arbuthnott, Herøyspelet og Giskespelet har hatt i regionen. Samla sett kan analysen vise til ringverknadar på 21,9 millionar kroner, der Operaen i Kristiansund står for 11,8 av desse, fordi 64 prosent av inntektene kjem frå tilreisande utanfor regionen. Det kjem ein ny analyse no i vår med andre kulturaktørar i området rundt Ålesund og Molde.

Skapar identitet

Lokal kulturaktivitet, som fylkeskommunen er med på å stimulere, skapar verdiar ein ikkje kan setje ein sum på, nemleg lokal identitet og stoltheit, den bidreg til næringsutvikling og reiselivsutvikling lokalt. Dette påverkar igjen andre fylkeskommunale oppgåver, som til dømes busstilbud, bruk av bygg og anlegg og ferjer.

Frank Sve: – Pengane er brukt opp på opera og anna fjas

Dersom ein ikkje gjer investeringar i kulturlivet, som til dømes med eit nytt kulturhus i Kristiansund, som skal romme museum, kulturskule og opera, så vil me tape som region. Ei samling av kulturinstitusjoner som er tenkt i Kristiansund, vil på sikt vere med på å gjere driftsutgiftene til fylket lågare. Den motviljen som mange viser til å gjere investeringar i kulturliv, som igjen vil stimulere til vidare vekst og utvikling, er for meg uforståeleg.

Skal utfordre

Kultur er viktig for kulturen sin eigen del, fordi den skal utfordre, den skal stille kritiske spørsmål og den skal engasjere, men også som eit mål for å skape betre og meir attraktive lokalsamfunn. Dersom ein tar bort, lat oss seie ein tredjedel av kulturtilskotet fylkeskommunen gjev, eit tal på 24 millionar i 2020 og 34 millionar kroner i 2021-budsjettet som FrP fremja i økonomiplanhandsaminga, for å finansiere andre driftsutgifter i andre sektorar, så går dette ut over noko, og nokon. Mest oss sjølve som innbyggjarar i fylket. Dette er midlar som til dømes går til regionmusea, Teatret vårt, Dei nynorske festspela, filmsatsing som har vore med på å gjere Møre og Romsdal ein lokasjon for den nye James Bond-filmen, Ålesund strykeorkester, 4H, Friluftsråda, utviklingsmidlar til biblioteka, «En bit av historia» som har vore med på å funne Edøyskipet, som var ei nasjonal hending i vinter. Dette for å nemne noko av det denne ramma går til.

Det er ei lovpålagt oppgåve å sørge for eit levande kulturliv, som gjer at folk vil bu i Møre og Romsdal. Difor er det viktig for oss som jobbar med kulturpolitikk, at dette er eit område som får halde på dei midlane som i verdiskaping skapar ringverkadar for resten av dei fylkeskommunale oppgåvene.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags