Kjære fylkeskommunen M & R

Av
DEL

MeningerVi har høyrt det så mange gonger: Bokbåten er nedleggingstrua igjen. Det har han vore lenge, og for kvar gong han kjem, held me pusten litt; skal tru om dette er siste gongen? Denne gongen er det altså alvor. Denne gongen var faktisk kanskje den siste. Det har eg mange tankar om, og nokre av dei vil eg gjerne dele med fylkeskommunen.

Eg vaks opp i ei lita bygd, og då meiner eg ei verkeleg lita bygd. Vi hadde hverken butikk, skule, postkontor eller bibliotek i bygda, og måtte til nabobygda for slikt. No bur eg her igjen, i huset der eg vaks opp. I den vesle bygda som er avhengig av bygdene rundt, men akk så vakker. Eg ser difor på ny kor viktig Bokbåten Epos er for oss og andre som bur litt avsides til.

Bokbåten Epos kom to gonger i året gjennom oppveksten min. Det var noko eg gledde meg enormt til. To gonger i året hende det i alle fall noko her! Eg stod i stoveglaset og speida, og gleda og forventninga sitra i meg, etter som det flytande biblioteket kom nærare og me kunne springe markane ned til kaia. Epos opna verda for meg. Gjennom Epos fekk eg tilgang til eit rikt og allsidig utval bøker. Det var spennande å gå langs hyllene og velje lesestoff. Eg vart eksponert for kunst, kultur, historie, krim, forskning, framande kulturar, djupe tragedier og høge lukker. Som vaksen ser eg verkeleg verdien i det.

I barndomsminna mine er det bøkene som utgjorde magien med Epos sine besøk. Det er bøkene eg hugsar, det var bøkene eg gledde meg til. Likevel, med Epos kom det også eit kulturinnslag kvar gong, og eksponerte oss bygdeborn for slikt me ikkje fekk tilgang til ellers. Bonusen for lesehesten, og eit utslagsgjevande puff i retning bøkene for andre. Eg hugsar godt den gongen Olav Stedje var med. Han sat der med barten sin og spelte gitar. Tonane til Åkken Bom fylde båten, og han fekk oss til å synge med. Etterpå tok han seg tid til å snakke med oss. Han smilte, småprata og var hyggjeleg. Han såg oss.

I notid er Bokbåten viktig for mine born og. No er det dei som står i stoveglaset og speidar. Det er dei som gler seg til å finne kjekke bøker dei kan kose seg med i månadane fram til neste besøk. Som leitar i hyller og kasser, og finn så mange kjekke bøker at det må gjerast ei sortering før vi går. Likevel har vi alltid med oss kjempemange bøker frå Bokbåten. Det er mine born no, som har sett i bøker saman med Torunn Tusj på golvet etter forestilling. No er det mine born som har fått ein konvolutt med jubileumsblad og helsingar, fordi ein låg djupt ulukkeleg heime med vannkoppar og gjekk glipp av Bokbåten. Det er slik, skjønar de; vi hadde ikkje gått på Bokbåten eins ærend for å sjå kulturinnslaget. Vi hadde ikkje det. Det er bøkene fyrst og fremst, men kulturinnslaget er ein viktig del av den heilskaplege opplevinga.

Boksamlingane på skulane kan vere rikhaldige, men veldig mange skular har faktisk svært gamle bøker. Økonomiske rammer gjev lite rom for innkjøp av nye. Dei få nye bøkene som er, er såleis oftast opptekne. Borna tykkjer bøker og bibliotek er kjedeleg dersom skuleboksamlinga, som er det biblioteket dei har oftast tilgang til, er utdatert og gammal. Dei treng bøker som vekkjer interesse, meistring og leseglede. Der er mange gullskattar blant gamle bøker, men heilt ærleg er det ikkje alt som fengar dagens barn og unge. Sjølv fann eg ei utsliten bok i kaste-haugen på vårt skulebibliotek: «Epos - Boka om bokbåten». Den tok eg med meg heim. Som ein slags ironi, no når Bokbåten kanskje ikkje lenger skal berike skulane med lånebøker.

Eg har forståing for at fylkeskommunen ser på økonomi, på HMS-krav og dyr modernisering. Eg ser utfordringane. Men høyr berre litt til på det eg vil seie. Dersom kunst- og kulturinnslag i større grad skal inn i biblioteka på land i staden for Bokbåten, er det veldig bra for dei som har biblioteket nær seg. Det har ikkje vi. Vi må køyre bil og ta ferje fram og tilbake. Vi kan ikkje berre «stikke ned på biblioteket ein tur». Sjølv pendlar eg 35 minutt med bil til arbeid i ei anna retning. Den dagen eg er heime frå arbeid tidleg nok til å kunne rekke å ta med ungane på ein tur over fjorden innan rimeleg tid, er biblioteket stengt. Om eg vil ta med ungane på ei lesestund eller eit anna innslag på biblioteket på ettermiddagstid, så er det ikkje sikkert det høver med ferjetidene. Frå me køyrer heimanfrå for å rekke innslaget og til me kjem heim, kan det gå mange timar. Mesteparten av tida går med til venting før og etter, og til transport. Berre sjølve ferjeturen og bilturen til ferja tek til saman ein time. De ser, det er ikkje berre å ta seg ein tur på biblioteket for oss. Det er for slike som oss at Bokbåten er til. Vi treng Bokbåten. Det er det nok andre i slike bygder som vår som også kjenner på. Ta med dette i vurderingane.

Denne gongen var altså kanskje siste gongen. Eg fekk ikkje eingong besøkje Epos på denne turen. Han kom ein vekedag medan eg var på arbeid, låg ein times tid, og reiste før eg kom heim. Om det var andre i bygda som hadde høve til å ta turen, veit eg ikkje. Men sann mine ord; dersom ein legg besøket til arbeidstid, skal ikkje dårlege besøkstal brukast som grunnlag for å legge han ned! Me spøker litt med at me held såleis bøkene som gissel til han kjem att, men eg meiner det litt. Eg har lagt merke til at på dei to siste turane, men spesielt på denne, har det vore litt ubeleilige tider for stoppa, og ikkje berre her i vår bygd. Tidlegare har dei som ikkje rakk båten på skulestoppet kome til vår bygd i staden. No var det svært, svært få i eit ganske stort område som hadde moglegheit til å kome seg på Bokbåten. Uheldig? Tilfeldig? Eller er det ei sakte kveling, ein måte å kunne vrengje ut dårlege besøkstal på så ein kan forsvare nedlegging? Er det også difor mannskapet ikkje lenger får lov til å sove ombord, men må fraktast til hotell? Vi veit alle at det er ikkje flust av hotell i grisgrende strok. Ei planlagd fordyring med eit føremål?

Kjære fylkeskommunen. Ver så snille å tenkje litt kreativt. Tenk ikkje nedlegging, tenk omlegging. Sjå på framlegga som har kome inn. Kva kan gjerast annleis? Korleis gjere det berekraftig? Bokbåten si oppgåve er framleis viktig! Bøker ein kan halde i handa er betre å lese i enn eit nettbrett eller ein Kindle. Born og unge treng å lese meir. For å styrkje lesedugleik og fremje leseglede må ein i alle fall ha tilgang til bøker der det ikkje er store, flotte bibliotek. Så kva no? Det er i alle fall mindre sjanse for at skulebiblioteka på bygdene kan fostre ein lesekyndig og leseglad generasjon utan Bokbåten.

Eg kryssar fingane for at det kjem ei løysing og ei redning.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags