Nei til boikott av Israel

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Fylkesstyret i Møre og Romsdal KrF stiller seg sterkt kritisk til at fleire kommunar og fylkeskommunar rundt om i landet vurderer boikott av Israel.

DEL

LeserbrevIsrael er det einaste demokratiske landet i Midt-Austen. Landet er ikkje perfekt, men det er veldig spesielt at det er det einaste demokratiet i området som vert utsett for press frå enkelte politiske kretsar i Noreg. Det er forunderleg at ein ikkje heller snakkar om boikott av land som Saudi-Arabia eller Nord-Korea, som er kjent for undertrykking av kvinners rettigheiter, avrettingar og udemokratiske styresystem om ein ser på boikott som ei god løysing.

Det er berre ein jødisk stat i verda med jødisk fleirtal, og det er Israel. Møre og Romsdal KrF anerkjenner Israel sin rett til ein eigen jødisk stat. 12,5% av den norske befolkninga har «utprega fordommar mot jødar». Dette er veldig alvorleg, og det hjelper ikkje at nokon ser på det som si oppgåve å spreie eit inntrykk av at Israel burde boikottast som einaste land. Dette kan skape grobotn for meir jødehat, noko Møre og Romsdal KrF tek sterk avstand ifrå.

Israelske busettingar dekker 3% av arealet på Vestbredden, i følgje Fagforbundet og Norsk Folkehjelp. Når det vert snakka om boikott enten av område med israelske busetnadar eller Israel gjev dette eit intrykk av at det er noko spesielt og kriminelt med Israel, noko Møre og Romsdal KrF tek avstand frå. I nesten 50 år har Israel bygd på Vestbredden, noko som er lovleg etter folkeretten då Israel vann områda i ein forsvarskrig i 1967. Ei israelsk tilbaketrekking vil føre til opptrapping av vald og terror, då palestinske myndigheiter avvisar at det kan vere både ein jødisk og ein palestinsk stat. Israel har i fleire omgangar tilbode ei løysing med to statar, noko palestinarane ikkje har ynskja om ein av dei er israelske. Dette gjer arbeidet med grensene veldig vanskeleg, men er ikkje ein grunn til boikott.

Ein oppnår betre forståing imellom to partar igjennom dialog og samarbeid, ikkje boikott. Fylkesstyret i Møre og Romsdal KrF vil difor ta sterk avstand ifrå all form for boikott mot heile eller delar av Israel.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags