Med krigen i sikte

Av
DEL

Leserbrev«Det enkleste er pistol» - heitte det i songen. Og i dag – mandag 5.februar 2018, har NATOs generalsekretær og tidlegare AP-politikar Jens Stoltenberg forsikra oss gjennom massemedia om at oppgradering av atomvåpna er nødvendig for at vi alle skal kjenne oss tryggare.

Eg skjønar at mine kjensler for atomvåpen og storkrig ikkje harmonerer med kjenslene til dei politikarane, krigsromantikarane og krigshissarane som no stadig høgare ropar om større «forsvars»-budsjett og modernisering av krigsvåpna, og om meir data-krigsspel på folkehøgskolar og i  vidaregåande opplæring, og fleire utanlandske soldatar og militærbasar i Noreg og i alle landområde rundt oss. Sjølvsagt er det Russland og Nord-Korea og Kina som er skurkane når forfattarar og media lagar sine dramaseriar, og når PST og andre gjer sine trusselvurderingar. Desse statane må sjølvsagt innringast av framskotne militærbasar og moderniserte rakettar. For USA og den reflekterte presidenten der må vi jo ikkje begynne å tvile på – og heller ikkje våre eigne kommentatorar og «ekspertar».

«There is a war coming», fortalde ein amerikansk general oss på Værnes like før jul. Med dagens politikk og moderniserte atomvåpen er det dystre utsikter framover. Men det er tydelegvis framleis vesentleg enklare å leite fram midlar og kunnskap til modernisering av våpna enn til spenningsreduserande og tillitsskapande politikk.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags