Å forvalte eit monopol

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeserbrevDei raudgrøne og KrF driv dårlig distriktspolitikk når dei no har reversert det funksjonelle skillet for nettselskapa. Taparen er forbrukaren som må betale meir enn det som er naudsynt for nettleiga.

Å sitje i ein monopolsituasjon krev spesiell aktsemd frå dei som forvaltar tillit og verdiar som kundane betaler for. Difor vedtok Stortinget våren 2016 at nettselskap for straum skulle vera underlagt selskapsmessig og funksjonelt skille. Omsynet til å gje hushaldningar og næringsliv rett pris på nettariffane låg bak dette vedtaket. Rett før påske reverserte dei raudgrøne med KrF vedtaket. Taperen vert den jevne forbruker.

Kraftbransjen står framom store endringar, løysingar som har fungert godt fram til no er ikkje nødvendigvis dei beste for å møta framtida sin kraftmarknad. Teknologisk utvikling, som for eksempel plusshus, samt endra forbruks og produksjonsmønster stiller nye krav til nettselskapa. Det krev ny kompetanse og nye løysingar. Men det krev også at utfordringane vert handtert med lågast mogleg kostnad og høgast mogleg forsyningstryggleik.

Eit funksjonelt skille betyr at leiande personar i nettselskapet ikkje kan ha leiande posisjonar i anna og konkurranseutsett verksemd som er eigd av same energi-morselskap. Og omvendt. Grunngjevinga er at tette relasjonar kan gjere at nettselskapet tildeler til dømes eigne entreprenørselskap oppdrag direkte og utan konkurranse, samtidig som entreprenørselskapet opparbeider økonomiske musklar til å konkurrere i det opne marknad, og då på ulike vilkår. Kryssubsidiering er vanskeleg å oppdage for regulator og har vore ein av dei viktigaste drivarane for innføring av kravet om funksjonelt skille.

Norge har i dag 123 små nettselskap. I Sverige har dei 70. Regjeringa ønskjer å ha færre og større selskap. I tillegg til å sikre likare nettleige i heile landet, vil det syte for gode fagmiljø som leverer framtidsretta tenester til ein god pris. Dette har i mange tilfeller ført til resultatforbedringer og lågare nettleige for kunden. Det er heller ikkje noko som tyder på at desse samanslåingane har ført til eit dårlegare tilbod for kunden. Ei heller har det gått ut over leveringssikkerheit.

Frå eigen region kan ein sjå prosessar der ein no er i gong med sal av fleire av våre lokale kraftlag. For Tysnes sitt tilfelle vil det føre til billegare nettleige tilsvarande 6.000 kroner i året for ein vanleg hushaldskunde med eit snittforbruk på 20.000 kWh. Vidare får kommunen ein aksjepost som vil gje høgare utbytte, og ein har forhandla seg fram til å behalde kompetansearbeidsplassane i kommunen.

Høgre er difor viss på at ei konsolidering til større selskap vil vera ei god tilnærming for å oppnå ei likare og meir utjamna nettleige i landet. Vi oppnår auka kompetanse, ein beheld arbeidsplassar i distrikta, næringslivet i distrikta vert styrka grunne lågare kostnader, betre beredskap og i dette tilfelle større utbytte for kommunen.

Diverre kan det synast som om dei raudgrønne meiner at gårsdagens løysingar er dei beste, og dei får drahjelp frå bransjeorganisasjonar som også vil verne om monopolsituasjonen. Dette kjem også fram i lesarinnlegg frå KS Energi sin styreleiar Jon Eirik Holst denne veka. Forbrukaren blir diverre ikkje blitt høyrt.

Regjeringa lagar reformer og endrar politiske rammebetingelsar for å møte dei nye tidene. Det siste ein då treng er reversering. Dette er ikkje god distriktspolitikk. Ein risikerer å påføra nettkundane som bur i distrikta kostnader dei ikkje burde hatt. Eksempel frå min eigen region viser årlege nettkostnader pr. husstand tilsvarande 6.000-8.000 kroner meir for små selskap i høve til større selskap. Dette gjeld privathushaldningar. For næringslivet vil utslaga vera enno større.

Regjeringa tenkjer i første rekkje på innbyggjarane. Det gjeld også for billigast mogleg nettleige til forbrukarar og næringsliv. Dette er tydelegvis underordna for dei som no har reversert tidlegare vedtak.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags