Kommunereforma -innbyggarinitiativ

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LeserbrevI samband med kommunereforma er kommunane i Møre og Romsdal godt i gang med forhandlingar, arbeid med intensjonsavtaler og førebuingar til folkerøysting /innbyggarhøyring. Eitt naturleg tema i samband med kommunereforma, er spørsmålet om korleis framtidas kommunegrenser skal vere. Mange av kommunane vurderer no å slå seg saman med ein eller fleire kommunar for å skape ein ny kommune. For nokre kommunar kan det vere aktuelt med ei deling av kommunen, for andre kan ei mindre justering av grenser til ei anna kommune vere aktuelt. For dei innbyggarane det gjeld kan eit spørsmål om deling av kommunen, eller ei justering av grenser, skape sterkt engasjement og eit ønskje om å medverke. Ei justering av ei kommunegrense er der ein mindre del av ein kommune ønsker å bli ein del av nabokommunen. Dette kan henge saman med nye samferdselsløysingar, geografi eller nye handels-, nærings- eller tenesteområder i grenseområda til kommunane.

Inndelingslova

Fylkesmannen ønskjer av den grunn å informere om retten til å sette fram innbyggarinitiativ etter inndelingslova.

Etter inndelingslova har alle innbyggarar, grunneigarar og næringsdrivande i ein kommune,  rett til å fremje søknad om justeringar av eksisterande kommunegrense.

Innbyggarinitiativet gjev ein rett til å få vurdert om søknaden skal føljast opp, men det gjev ikkje ein rett på ei fullstendig utgreiing. Departementet/Fylkesmannen avgjer om saka skal utgreiast vidare og eventuelt om justering av kommunegrensa skal skje. Fylkesmannen har fått delegert mynde til å avgjere saker som gjeld «mindre grensejusteringar».

Ein søknad om endring av ei kommunegrense skal vere skriftleg, grunngjeve og den skal innehalde framlegg til nye grenser. Søknaden skal sendast Fylkesmannen. Fylkesmannen vil avgjere om søknaden skal sendast vidare til Kommunal- og moderniseringsdepartementet eller om Fylkesmannen sjølv har mynde til å avgjere saka. Der kommunestyret ikkje er einig i innbyggarinitiativet sitt framlegg til justering av kommunegrensa, vil Fylkesmannen sende over saka til departementet for endeleg avgjerd. Det same gjeld dersom to kommunar ikkje er einige om ei grensejustering. Kommunane det gjeld vil få høve til å uttale seg om saka før fylkesmannen, evt. departementet tek ei endeleg avgjerd.

Fylkesmannen legg opp til at innbyggarinitiativ i høve til justering av kommunegrenser vert handsama i kommunestyra i same vedtak som ny kommunestruktur innan 1. juli 2016. Tilrådinga frå Fylkesmannen om ny kommunestruktur i Møre og Romsdal skal sendast til Kommunal og moderniseringsdepartementet innan 1. oktober 2016.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags