Stem for ei opa folkekyrkje

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

LeserbrevFramføre eit kyrkjeval, er det bra å vite litt om verkelegheita i kyrkja og litt om kva kandidatane står for. Aldergrensa for å stemme, er at ein fyller 15 år i 2015. Frå verkelegheita vil eg dele litt. I august var kona mi og eg fadderar i kyrkja. Før tok fadderane seg av barnet dersom foreldra døydde, i dag handlar det om å be for barnet og lære/vise barnet at det sjølv kan ha relasjon til Gud. I gudstenesta tala presten om kyrkja. Om at vi skal tale sant med kvarandre, for vi er lemmer som høyrer kvarandre til. Han tala rett ut om at vi har kledd oss i Kristus, så her er ikkje jøde eller grekar, slave eller fri, kvinne eller mann, homo eller hetero, osv.

Og det er også sant, kven som er homo og kven som er hetero - det er det Gud som veit best. Før vi sjølve veit det. Gud elskar oss og ynskjer at vi er oss sjølve, at vi er sanne, lever det livet som vi er skapte til. Vi menneske ser mykje på det ytre. Ser ein meir av heile mennesket, vil ein også kunne sjå at kyrkja har vigd utallige som er homo, og utestengd like mange som er hetero frå velsigning av sitt ekteskap. For dei som opplever seg utestengde er dette livs- og trusøydeleggande, og det har for mange kun vore Gud og Kristus å lite på.

13. september i kyrkja, og 14. september - samtidig som kommune- og fylkestingvalet, er det val til sokneråd og bispedømeråd. Til soknerådsvalet har det ikkje vore like lett å vite kva kandidatane står for. Men for bispedømerådsvalet har kyrkja laga ei oversikt, som vil vere synleg i vallokala. Dei 4 som vert valde inn i bispedømerådet i Møre, er med på kyrkjemøtet / kirka sitt «storting», og skal bestemme mykje om kyrkja si framtid. For bispedømerådsvalet er det to altenative lister å velge mellom: Lista til Åpen folkekirke og lista til nominasjonskomitèen. På lista til Åpen folkekirke er det 18 kandidatar som arbeider for at kyrkja i Møre og Romsdal skal vere ei kyrkje der alle kan kjenne seg velkomne, og der ein kan verte tilsett på grunn av kvalifikasjon og ikkje diskriminerast på grunn av kjønn, samlivsform, seksuell orientering, funksjonsnivå, alder eller etnisitet. Dei arbeider for at kyrkja framelskar mangfald, og bl.a. at likekjønna kan inngå ekteskap i kyrkja. På nominasjonskomitèen si liste er det også omlag halvparten som vil dette.

Lova om ekteskap seier: «To personar av motsett eller same kjønn kan inngå ekteskap». Og: «alle har same rett til fritt å velge ektefelle. Ekteskap skal inngåast av eiga fri vilje og med eige samtykke». Alle med vigselsrett har etter lova rett til å vie alle, men kyrkja har venta med å bruke denne retten til kyrkja har laga ny ekteskapsliturgi. Kyrkja har lenge arbeidd med dette. Det er verdt å vite at orda i ekteskapsliturgien «til døden skil dykk åt» har sitt grunnlag i Bibelen frå ei kvinne sitt forhald til ei anna kvinne, då Rut sa til Noomi at ho ville vere saman med henne til døden skilde dei åt. Det er ei tragedie for mange at dei har følt seg tvinga til å gifte seg med nokon av, ytre sett, motsett kjønn. Det har ført til mykje sorg for alle involverte, og også til at folk har skilt seg. Det hadde vore veldig mykje betre for alle, ikkje minst for borna, om ein kunne få vere ærleg frå byrjinga, og leve det livet ein kjenner at ein er skapt til, elske den ein elskar og gifte seg med den ein elskar! Det er all grunn til å sette pris på og velsigne dette.

Kyrkja seier at syna på ekteskap/velsigning for homo som hetero ikkje skal splitte oss. Forskjellig forståing gjer ikkje at vi ikkje har fellesskap med, og frelse i, Gud. Kyrkja uttrykker at det er grunnlag i Bibelen for begge syna. Kyrkja har felles erkjenning av at også menneske av same kjønn kan elske kvarandre og ynskje å leve i tillit, truskap og samhald livet ut. Og at dei bør ha rett til å gjere det i former som ivaretek og ordnar samlivet. Fleirtalet av biskopane tilrådde i 2013 å utarbeide forbønsliturgi for både homofile og heterofile. Biskopane uttala einstemmig at uenigheita, ikkje er av ein slik karakter at den rokkar ved vår felles forståing av evangeliet. Dette har overveldande tilslutning frå Kyrkjemøtet. Leiaren for biskopane skriv: «Det er mitt håp at med dette som plattform skal det være mulig å komme videre i en sak som for mange er en symbolsak med betydning for deres tilhørighet til Den norske kirke. Enda viktigere er at dette for medmennesker ikke primært er en sak, men berører deres identitet, deres kjærlighet og deres ønske om et gjensidig forpliktende samliv». (Vårt land 22. august / verdidebatt.no 24. august)

Frå vi er små lærer vi at alle andre lover er oppfylt når ein elskar Gud og dei andre som seg sjølv. Når ein elskar, vert alt mykje klarare. «Det er ikkje sant at kjærleik gjer blind. Kjærleik gjer klok», sa Halldis Moren Vesaas. I alle fellesskap er det forskjellige syn, sjølv om dette ikkje kjem ope fram. Kyrkja har stoppa opp og lytta til Gud, og til dei vitnesbyrd som menneske har kome med. Sjølv om det har lege mange skada att i striden,  så har der ofte vore nokon som har vore medmenneske eller samaritan - som ikkje gjekk forbi, som lytta, respekterte og elska dei som vart utstøytte i forskjellige fellesskap, frå gudshus til klubbhus. Dei siste åra har også idrettsfellesskapa sett på dagsorden at ingen skal mobbast eller stengast ute.

Dei som vert forelska i og elskar nokon av same kjønn (ytre sett det same kjønn), har ikkje valt det noko meir enn dei som vert forelska i nokon av motsette kjønn (ytre sett det motsette kjønn). Det berre skjer, som roleg erkjenning eller lyn frå klar himmel. Like fantastisk er det, sjølv om kjærleiken kan vere utfordrande for alle. Difor er det utruleg godt å kunne vere open, inngå ekteskap, og love truskap. Det er medmenneske det handlar om, systre og brødre i livet og i trua. Ha tillit!, vi veit at Gud har skapt oss og ynskja at vi er dei vi er. Å vere opne og ærlege om kven vi alle er, skaper fellesskap, ny innsikt og respekt mellom oss. Det gjeld oss alle. Ikkje berre soknerådet, bispedømmerådet og biskopane.

Ein av fadderane mine var ung i den tida då kristne ikkje kunne gå i brune klede, men måtte gå i svarte for å verte godtekne. Fadderen min har, trass slike gudsbilde, lys over liv og lære - og velsigna meg frå fyrste stund eg fortalde at eg hadde funne kjærleiken. Velsigna vart eg også då eg gifta meg, Hareid sokn opna kyrkja for det. Men då biskopen lukka døra, så opna bedehuset døra for å velsigne oss. Vi er alle allereie velsigna av Gud, og ser fram til den dagen vi kan dele det i fellesskapet som vi høyrer til.

Godt og velsigna val!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags