Demokratisk folkekyrkje?

Eg utfordrar kyrkjeleiinga til å gjere seg positivt gjeldande, slik at kyrkja sine saker får gjennomslag som står i høve til medlemstalet, skriv Hans Lauvstad.

Eg utfordrar kyrkjeleiinga til å gjere seg positivt gjeldande, slik at kyrkja sine saker får gjennomslag som står i høve til medlemstalet, skriv Hans Lauvstad.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

LeserbrevFør kyrkjevalet sist haust hadde ramnane Hugin og Munin i  avisa «Vårt Land» mykje moro med ymse utgåver av folkekyrkjer som dukka opp, og som vi burde røyste på. Eg hugsar ikkje om Demokratisk Folkekyrkje var ei  av desse, det ville vere rart om ikkje eit namn med to slike solide honnørord var framme.

Vår eiga lokalavis på Nordmøre, Tidens Krav, hadde 29. februar ein interessant leiar om kyrkja si friare stilling. Der vert det spesielt nemnt uro over at Kirkemøtet kan bli for mektig, slik at det kan gå ut over det lokale nivået. Avisa kjem også inn på økonomien, og at statsbudsjettet for neste år vert avgjerande også for åra framover.

Demokrati kan enklast målast ved valdeltaking, og kyrkja si jamt over låge valdeltaking har blitt brukt som uttrykk for mangel på demokrati i kyrkja.

Men demokrati er meir enn å røyste, og meir enn å sanke røyster og bli vald. For dei som er valde, er det også å representere veljarane, og gjennomføre det dei vart valde til. Dei har leveringsplikt, som det var tidlegare i landbrukssamvirket. Det er også å informere og involvere veljarane. Det er ikkje minst å spørje og høyre etter kva veljarane meiner, i tilfelle dei valde ikkje har flagga kva dei meiner om viktige spørsmål dei skal vere med på å avgjere.

 Ved siste Bispedømerådsval var det i all hovudsak ei sak det var søkelys på, spørsmålet om liturgi for vigsling av homofile.

For meg var dette spørsmålet  av særdeles lita interesse. Derimot var og er eg sterkt oppteken av korleis kyrkja vår skal organiserast og drivast, noko som skal avgjerast i denne valperioden. Her var lite sagt frå dei som styrde valet, og  kandidatane sitt syn på til dømes soknet si rolle var ikkje kjend.

Kva gjer ein da? Ringe rundt og spørje dei som sto på listene var noko for sterkt for meg. Resultatet vart at eg såg på kva dei  på listene hadde gjort i yrkeslivet. Med tanke på evne til å ta avgjerd om organisering, arbeidsgjevartilhøve  og pengebruk, kom eg til at ein tidlegare rådmann, ein personalsjef og ein ordførar måtte ha verdfull røynsle når varige ordningar skal avgjerast. Ein av dei tre kom inn i Bispedømerådet på Møre, eg skulle gjerne sett at dei to andre også kom med.

Vi i Kristiansund er så heldige at vi har eit medlem i Bispedømerådet frå byen, og eit frå nabokommunen Averøy. Kva med å invitere dei til soknerådet for å høyre kva for tankar dei har om organisering og ressurstildeling også på soknenivå? Kanskje vi kunne melde inn aktuelle spørsmål, og få vite kva dei meiner om spørsmål vi er opptekne av? Kanskje andre sokneråd vil prøve seg på det same?

Kyrkjemøtet skal velje ny leiar like over påske. Vi har fått presentert tre sikkert dugande kandidatar som representerer stor breidde i aktuelle spørsmål. Men vi veit fint lite om kva dei meiner om den lokale kyrkjeorganiseringa ut over generelle vendingar. Eg har eit ønskje om at den som blir vald, må vere ein samlande person, og som også høyrer på ikkje- meiningsfeller. Eg kunne også ønskje betre distriktsspreiing blant kandidatane. Blant dei tre som valkomiteen fører opp, er Moss den ytste utkant i kyrkjelandet. I den samanheng er Moss likevel betre enn Oslo og Bærum.

Ei anna side av demokratiet er at medlemstal gjev tyngde. Kyrkja vår har 74 prosent av folket, 3,8 millionar menneske som medlemer, langt meir enn til dømes Norges Idrettsforbund. I andre samanhengar skulle dette gje tyngde for gjennomslag. Eg utfordrar kyrkjeleiinga til å gjere seg positivt gjeldande, slik at kyrkja sine saker får gjennomslag som står i høve til medlemstalet.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags