Å velja kyrkjas framtid

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

LeserbrevDet er ikkje berre kommunestyreval vi står framfor. Men vi som er medlemar av Den norske kyrkja,skal også velja sokneråd (menighetsråd) og bispedømeråd, dermed også kyrkjeråd og kyrkjemøte.

Det er eit vel så komplisert val. Spesielt etter at ei splitta kyrkje stiller med to lister pluss eit rådgjevande nettverk for bispedømerådsvalet.

Det er i alle fall viktig at vi orienterer oss i ei så avgjerande tid for kyrkja, med sjølvstendiggjering frå staten, kyrkjereformer og framtidsplaner og avgjerder i kontroversielt splittande saker.

Nominasjonskomiteen har gjort eit grundig arbeid for å setja sammen ei liste av kandidatar med variasjon i geografi, alder, kjønn og syn på viktige saker. Kandidatane er spurt og analysert, og komiteen har offentleggjort og presentert det den enkelte står for, f.eks synet på ekteskapet. Dette kan vi lesa på nettet under Nominasjonskomiteens liste for Møre bispedøme. Https://kirken.no./nb-NO/om.kirken/slik-styres-kirken/kirkevalget/kandidatlister/.  Klikk på kvart bilete for å sjå kva den enkelte står for. Dei representerer så absolutt ei open og inkluderande kyrkje.

Den konkurrerande kandidatlista som kallar seg «Åpen folkekirke» har ei sak dei kjempar for og profilerer seg på, at homofile skal få gifta seg i kyrkja. Kva dei elles står for, er vanskeleg å vita. Men dei meiner at dei representerer ei open kyrkje i motsetnad til dei andre.

Nettverket «Levende folkekirke» er ei rørsle av kyrkjemedlemar som meiner at ekteskapet er for ein mann og ei kvinne, noko som også medlemane i kyrkjerådet og lærenemnda har vedgått at Bibelen seier klårt, trass i ulike syn på korleis dette skal praktiserast. Nettverket stiller ikkje eigne lister, men har arbeidd ut rådgjevande lister over kandidatar på Nominasjonskomiteens liste som dei meiner representerer deira syn i det kontroversielle spørsmålet om ekteskapet og om vigsling av likekjønna par. Sjå http://www.levende-folkekirke.no

«Levende folkekirke arbeider for at Den norske kirke skal holde fast ved den bibelske og felleskirkelige forståelsen av ekteskapet. Kirkens lære og liturgi må bygge på sannheten om at ekteskapet er Guds ordning for én mann og én kvinne.»

I Møre bispedøme er det 8 kandidatar som seier seg samde i dette. (Nr 1, 3, 7, 9, 11, 13, 15 og 17 på lista. Ingen frå Indre Nordmøre prosti). Ein av kandidatane, Rikke E. G. Kopperstad, som har arbeidd med born og unge, seier i eit intervju: «Dersom vi som kirke åpner for likekjønnet ekteskapsliturgi, sier vi samtidig at det er greit og til og med ønsket av vår Skaper at barn faktisk blir planlagt mor-eller farløse. Mange homofile/lesbiske par ønsker seg jo barn. Hvordan kan jeg bevisst legge til rette for at enda flere barn enn vi allerede har i samfunnet vårt i dag skal havne i alvorlige identitetskriser og leve med dype savn? Det er for meg helt umulig!»

Det er lett at ei sak overskygger alle viktige saker som etter kvart skal vurderast og endringar som skal gjerast i kyrkjas styrer og råd, og som krev at ein kjenner struktur og organisering i Den norske kyrkja, som ordning av bispedømeråd, samansetjing av Kyrkjemøtet, tilsetjing av prester etc.

Men å seia at samlivssaka ikkje er kyrkjesplittande, viser at ein ikkje forstår kor alvorleg dette er for mange.

Mange av oss er både skuffa og forundra over at Nord-Europas største misjonsorganisasjon, NLM – Norsk Luthersk Misjonssamband, som meiner den norske kyrkja bryt med kristen tradisjon, likesinna internasjonale kyrkjer, truslære og Bibelens ord, har danna eige trussamfunn no like før kyrkjevalet, i staden for å arbeida for sitt bibelske syn gjennom kyrkjas valde styrer og råd. Like fullt så viser dette det opprivande alvoret i kyrkjas situasjon. Og kven skal gå ut? Dei som bryt med kyrkjas lære eller dei som står på vår kristne tradisjon?

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags