Utvikling eller avvikling?

Av
DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

KUN 99 kr for ALT på nett.

LeserbrevSamfunnet, det norske og det europeiske, endrar seg no fortare og i ei retning som nokre av oss ikkje likar.

Loren Cunningham hevdar at vi blir lik den guden vi tilber. I dag tilber vi oss sjølve. Kva fører det til? Jo, det fører til at det totale demokratiet vi har, det fører til at opposisjonen ikkje lenger orkar  å argumentere mot samfunnsutviklinga, og vi tar opp i oss fleirtalet sine haldningar, ikkje fordi vi vil, men fordi kostnaden ved å stå utenfor blir for stor.

Den nye ekteskapslova er no vedtatt og iverksatt. No må det nok bli fred og ro! Truleg er det no det tar til.

17. juni 2008 vart vart den nye ekteskapslova- og fire andre lover vedtatt. Desse handlar om langt meir enn homofiles rett til å gifte seg med kvarandre. Det var ikkje ei avslutning av kampen for at homofile kunne få rett til ekteskap, men starten på noko mykje meir. Lova i seg sjølv var bare starten på alle dei lovendringane som må til for å gjere mennesket til noko det ikkje er, eit kjønnslaust individ.

Odelstingsproposisjon nr. 35 frå regjeringa som omhandla lovforslaget bar namnet: Om lov om endringer i ekteskapsloven, barnelova, adopsjonslova og bioteknologilova mv. (felles ekteskapslov for heterofile og homofile par), eit namn som vitnar om omfattande endringar er med på lasset når likekjønna par får rett til ekteskap.

Debatten og argumentasjonen dreier seg jo ikkje om ein kamp mot homofiles rett til å leve sammen. Kampen dreier seg om kva staten skal sanksjonere og kva menneskesyn lova skal bygge på.

Det er stor forskjell mellom det å akseptere at homofile sjølv kan velje korleis dei vil leve liva sine og det at staten seier at slike samliv er det samme som heterofile ekteskap. Denne sidestillinga har vidtrekkande effekter og er eit resultat av den ideologien den er bygd på.

Det kristne menneskesynet er forkasta og vi står tilbake med eit menneskesyn basert på ein kombinasjon av marxistisk sosiologisk og biologisk verdsbilde.

No vil alle endringane komme innafor alt barne-og ungdomsarbeid, konfirmantundervisning, alle lærebøker og alle undervisningssituasjonar. At mange borgarlege politikarar, redaktørar og andre ikkje har forstått omfanget av denne utviklinga, vitnar om svak eller fraværande ideologisk skolering.

Toget går no og PDK vil legge til rette for eit nytt spor.

Les saker fra din kommune

Her har vi samlet nyheter fra kommunene på Nordmøre:

Kristiansund, Aure, Averøy, Eide, Halsa, Gjemnes, Tingvoll, Smøla, Sunndal, Surnadal, Rindal.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags