Olsok for alle: La oss Ikkje falle attende til mørke og hat

Magne Hoem, sokneprest.

Magne Hoem, sokneprest.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeserbrevFolket er endnu forblindet

Kender ej sin egen tarv,

Har bortsovet oldtidsmindet

Skatter ei sin rige arv.

I konfirmasjonen for sine to søner Johan og Sven i 1839 auser salmediktaren N.F.S. Grundtvig (1783-1872) ut sin visjon om lys kristentru og songar til livet. Folket må ikkje bli forblli blinde. Det er Olsok (St. Olavs dag) og den danske samfunnsrefsaren Grundtvigs salme «Kjærlighet er lysets kilde» treffer oss alle. Vi må ikkje igjen falle attende i mørke og hat.

Under kyrkjene  og prestegardstunet på Kvernes møter ulike fjordstraumar kvarandre.  Ein ny dag blir til i Ytre Nordmøre prosti. Det er grytidleg, og fuglane har alt begynt å synge. Mellom Freilandet og Averøy speglar morgonsola seg i sjøen.  Landskapet er litt rundare her enn ytre strok lenger sør i fylket, ikkje ulikt dei åssider og bakkar Heilag Olav såg då han forkynte:  

«Ja sjå; Kvitekrist er som lyset, mykje lys», forkynte Olav medan sola reiste seg mektig over åssider og marker der pilegrimar i dag går mot Nidaros. Eit mektig døme på kristen lyssymbolikk; og så grunnleggande at våre graver vender mot soloppgangen, uansett om dei vender mot åsar og fjell eller mot strender og hav. Dei kristne gravene vender ikkje mot Jerusalem og Mekka, men mot morgonlyset og dermed påskemorgons lys og liv.

I morgonlyset ved Olavsgard seig eit gudebilete laga av leire ned, og rottene sprang ut medan den sigrande kongen fortel at Lesja og Lom alt hadde opna seg for «den sanne Gud, som skapte himmel og jord og veit alle ting».  Alt ifølgje Snorres kongesoger.

Vi er eit lite folk som bør stå samla når vi no rykker nærare jubileumsåret 2030. Men undervegs mot Stiklestadjubileet 2030 er det tid og rom til feiring og fest. Det går ei bru frå vår nasjonal- og grunnlovsdag 17. mai og over til Olsok. Tusenårsstaden Kvernes med dei to kyrkjene og bygdemuseet like ved borgar for stø kurs på fast grunn.  På Olsoksøndagen 2017 er alle hus opne.  Mellom 50 og 70 frivillige er dette året engasjerte og kan ta imot 700-800 besøkande frå heile nordmørsregionen. 

I sjøavdelinga kan du siste søndag i juli finne meir enn ein «pekaill» som bøter garn. Her er kvinner som kan spinne, kare og veve. Ein smed kan smi og slåttekaren går ute og sørger for at det er tenner i rivene og kvass ljå.  Det blir servert fiskesuppe og brød, potetkake og rømmegraut. I Kvernes stavkirke er det olsokmesse til høgmessetid med to dåpsbarn og dåpsselskap med norskafrikanske røter, kjennskap og erfaring. Tusenårsstaden Kvernes er eit framifrå kultursenter med sitt regionale museum og kyrkjerom.  Her får alle vere med, ingen skal stengjast ute. 

Kong Harald har tidlegare dette året forkynt for heile verda kva det er å vere norsk. Dei kongelege representerer sjølve denne rause haldninga på ein fin måte. Dei løftar fram våre små systre og brør i tillegg til dei Kong Olav V med eit ny-ord kollektivt kalla «våre nye landsmenn».

Dette har ein historisk bakgrunn vi bør merke oss. «Jeg er konge for alle», forkynte Kong Haakon VII, då somme mislikte nye folkevalde som vart valt inn på Stortinget  i 1928. Allmenn røysterett vart ei utfordring for både Høgre og Venstre. «Det bestefar meinte, var at alle skulle vere inkludert», seier Kong Harald V i Per Egil Hegges biografi. Og med glede erfarer vi at ein ny generasjon kongelege fyller oss med song og takk, i gode og vanskelege dagar, ikkje berre den forferdelege vonde julidagen i 2011.  

Henrik Wergelands salme (Norsk Salmebok 2013 nr. 292) om sommarfuglen minner oss om forfattarens innsats for utestengte jødar. No er norsk utestenging stor sett historie, krigsflyktningar som prøver å komme til Europa unntatt. Munkeordnar vart først tillatne hos oss i 1897, medan jesuittane måtte vente til 1956 (!) i samband med at Noreg skulle ratifisere Den europeiske menneskerettskonvensjonen.  Det er ikkje norsk å skusle bort arvesølv og gull.  Det har aldri vore kristendom å gjere kvitt til svart og bygge mur mot grannar. 

Men er det ikkje nettopp det vi har gjort? Kor stolte kan vi eigentleg vere over visse sider vår kulturelle og religiøse arv? Eg kjente ein klump fare opp i halsen då eg seint på sommaren i 2015 kom inn i Kvernes stavkirke og såg altarskåpet med Maria og Kristus-barnet.  Ho som bar han under hjartet, næra han av eigen kropp, kom nærare han enn nokon annan, ho hegna om han med ei mors hjarte, mors bilete og ei mors lukter og språk, sitert eter minnet frå tidlegare kulturstatsråd Lars Roar Langslets banbrytande tolking. Kor rørande er det ikkje at forfedre fleire stader på Nordmøre tok vare på mellomalderkunst som dette!  Det meste av altarskåpet - unntatt dørene - er berga frå øydeleggjing og uforstand. 

Martin Luther var redd for at helgendyrkinga skulle setje Kristus og evangeliet i skuggen, men når det gjeld «Kristus-identifikasjon» er dei sterkaste  kunstnarlege utrykk for den lidande Kristus å finne nettopp i krinsen rundt Martin Luther og den djupe kristne mystisisme. Mellomaldermennesket kan nok på mange område ha hatt langt klårare og breiare innsikt i det kristne mysteriet gjennom fødsel og dåp enn vi.  

Tusenårsstaden Kvernes og Kvernes stavkirke fell heilt naturleg inn som møtestad for kystpilegrimar undervegs mot Nidaros. Ei gruppe kyrkje- og kulturentusiastar har teke turen for å revitalisere sjøvegen til Nidaros som middelalderens pilegrimar brukte. Undervegs kom dei til den gamle kyrkjestaden Edøy og  vidare over til naboøya  Kuli. Kulisteinen er rekna som «Norges dåpsattest» og vårt første synlege teikn på kristen tru. Kommande pilegrimar vil som i tidlegare hundreår sjå skaparveket i all si prakt og all slags ver. Her er framleis alle slags blomar, urter og anna i skaparverket som kan gje helsebot.  Og når dei eldgamle bibeltekstene blir lesne, vender ikkje Ordet tomt attende. Vi treng ikkjeå tolke alt, men når vi kjenner etter, lyttar innover, finn vi rom vi før ikkje visste om.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags