Dale er for skråsikker

- Vi vil gjerne diskutere meldinga di med deg, Jon Georg Dale, skriv Oddvar Mikkelsen, leiar Møre og Romsdal Bondelag.

- Vi vil gjerne diskutere meldinga di med deg, Jon Georg Dale, skriv Oddvar Mikkelsen, leiar Møre og Romsdal Bondelag. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeserbrevLandbruks- og matminister Jon Georg Dale er i media sitert på at han er bomsikker på at den politikken som blir presentert i jordbruksmeldinga vil vere svært positiv for distriktsjordbruket, og at han er skuffa over at bøndene er i tvil om det stemmer.

Det er ei kjent sak at til mindre ein kan og forstår, jo lettare er det å vere heilt sikker. Etterkvart som ein lærer så forstår ein at komplekse samanhengar oftast gjer det vanskeleg å vere heilt sikker. Eg har gjennom 16 år som tilsett i kraftfôrbransjen, 13 år som bonde og 8 år som tillitsvalgt i Bondelaget lært at det ofte er vanskeleg når økonomi, sosiale forhold og politikk skal resultere i beslutningar som vil definere resten av livet ditt.

Når ein skal ta beslutning om å bli bonde eller ikkje, om å satse og bygge nytt fjøs eller ikkje, eller om ein skal kaste inn handkleet og legge ned gardsdrifta, så skal beslutninga takast på bakgrunn av politiske signal, økonomien i dag og kva ein trur om framtida, og ikkje minst ei vurdering av kva valet ein gjer vil ha å seie for ein sjøl, for familien og for korleis folk rundt ein ser på ein.

Vel du å bygge fjøs til 6 eller 10 millionar har du låst deg fast til garden dei neste to tiåra. Da skal du vere rimeleg sikker i di sak. Når det da skjer det uventa at ei dame med all sin livsvisdom erverva frå Fremskrittspartiets Ungdom (FpU) blir landbruksminister, så blir ein naturleg nok litt i tvil. Det betrar seg når ein jovial kar med erfaring som slaktar og som er glad i spelsau og gjetarhundar tek over. Men han og trur visst at marknadsøkonomiske teoriar let seg overføre til praktisk gardsdrift i bratt terreng.

Han trur kan hende at gardane langs kysten og i dalstroka er små fordi bøndene er late eller ikkje har ynskje om å tene pengar på drifta si? Eg trur heller at gardane finst der i det heile teke fordi dei sterkaste og mest trossuge menn og kvinner gjennom generasjonar har bite tennene saman og krafsa eit sparsamt levebrød ut av nakne berget eller myra.

Gardane kunne ikkje bli og kan fortsatt ikkje bli store, slik dei gjerne blir der jorda er flat, steinfri og sjølvdrenerande. Lettdrivne blir dei aldri og dei let seg ikkje presse inn i marknadsteoretiske former. Eg er ikkje sikker, men eg trur nok at meldinga Dale har lagt fram dessverre ikkje vil vere positiv for distriktslandbruket utan at han kliv opp frå skyttargropa han hevdar at vi sit i og sluttar å sutre over at vi ikkje er like begeistra som han. Han må møte oss og vere open for våre innvendingar så er vi, som alltid, i stand til å endre oss, om ikkje så villige alltid.

Ord i ei landbruksmelding om satsing på distrikta, prioritering av utmarksbeite, miljøriktig og klimasmart landbruk og så vidare, vil ikkje styrke korkje matproduksjonen, kulturlandskapet, eller distrikta, når det gjennomgåande er eit klart fokus i meldinga på effektiv drift og definisjonen på effektiv er at det skal vere minst muleg arbeidsinnsats bak. Vi vil gjerne fokusere på effektivitet, men vi meiner effektiv bruk av areala er like viktig. Vi er allereie for få bønder til å drive areala våre så godt som vi vil. Areala våre kan ikkje drivast effektivt i økonomisk fortolking av ordet. Men økologisk og agronomisk kan det effektiviserast.

I meldinga er fleire viktige delar av sikringssystema våre føreslege endra eller kutta ut. Vi skal ikkje lenger få bruke våre eigne pengar til å balansere marknaden på viktige landbruksprodukt som egg, geitemjølk, poteter og epler. Det skal bli slutt på at ein del av pengane samfunnet betaler oss for å utføre eit viktig samfunnsoppdrag er øyremerka til at vi skal leige inn avløysarhjelp slik at vi kan få fri frå fjøset av og til. Avløysarane treng og sikkerheit for fast jobb og inntekt. Avløysarpengane er sikringa deira. Det fastsette inntektsmålet for bønder blir delvis omformulert i meldinga, og det blir teke atterhald om at det kanskje ikkje skal gjelde dersom politikarane finn det for godt.

Det andre ordet som blir svært mykje brukt er konkurranse. Korleis er det råd å sjå for seg at vi skal konkurrere? Utfallet av ein konkurranse i jordbruksproduksjon er nok rimeleg klar, anten konkurrenten er Irland, Danmark eller flatbygdene ved Mjøsa. Skal landbruket på Vestlandet overleve, må det vere fordi det produserer noko heilt anna enn desse konkurrentane, eller så må det beskyttast frå noko av konkurransen som marknaden fører til. I meldinga er det lange kapittel om kor godt den norske landbruksmodellen fungerer. Kvifor er det da lagt opp til at dei fleste ordningane som bidreg til dette skal endrast?

Vi vil gjerne diskutere meldinga di med deg, Jon Georg, men vi treng litt tid til å fordøye alle 162 sidene med tekst, og for å seie det som det er: Vi må sjå etter om det ligg fleire fallgruver for oss i teksten utover dei vi alt har funne og så skal vi ta oss tid til å drøfte det med fleire av dei som skal vere med å bestemme framtida vår.

Og til slutt, Jon Georg: Bønder sutrar ikkje, men det hender vi bit tennene saman så hardt at vi får tårar i augo.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags