Om varme følelser og kald forstand

Av
DEL

MeningerDen flittige skribent Erling Dragseth meiner å vite at eg har «utrolig varme følelser» for ei kvinne som er henta heim frå Syria med sjuke norske barn og sikta for terror. Eg er mektig imponert over kva for innsikt Dragseth har i mitt kjensleliv!

Men eg er ikkje så imponert over korleis Dragseth verdset liva til uskuldige norske barn, og heller ikkje korleis Dragseth vurderer at dei best bør hjelpast om dei skal få nokonlunde brukbare vilkår for ei god utvikling. Kald forstand seier meg at det ikkje er til det beste korkje for borna – eller for utviklinga på kloden vår – om Noreg skal bidra meir enn nødvendig til å utvikle ein ny generasjon (med norsk statsborgarskap) av IS-krigarer!


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags