Fake news: Ein bauta på Smøla blir nazist

Bautaen over Eystein Gjelsvik.

Bautaen over Eystein Gjelsvik. Foto:

Av
DEL

MeningerAlle som har vore på Norsk Myrmuseum på Smøla har helsa på bautaen på tunet.  Han er reist for å heidre Eystein Gjelsvik (1881-1950), som har prega Smøla-samfunnet på ein måte og i eit omfang som mange ikkje kjenner til.  Den korte soga er at han er mannen bak bureisinga og busettinga på Frostaheia, heilt fram til gulrota som vi alle kan finne i matbutikken.

Vi er no i ei tid der delar av historia om nazistyret i Noreg blir skriven på nytt; dei samtidige tidsvitna er snart borte, etterkrigsgenerasjonen blir pensjonert og nye historikarar finn nye kjelder og nye vinklar til kunnskap og forståing.  Det gjeld både faghistorikarar og andre.

Nye kjelder, ny kjeldekritikk og større fråstand i tid gjev høve til ny kunnskap.  Eit nytt og godt døme er forfattar Marte Michelet si nyss utkomne bok om heimefronten og kva dei visste om nazistyremaktene sine jødeaksjonar.  Boka har fått mykje god omtale for å gå djervt inn i eit minefelt av norske haldningar til denne vesle minoriteten, som også har vore ein del av lokalsamfunnet i Kristiansund.  Men det har også kome kritikk på fagleg grunnlag for lettvint omgang med kjelder og for å gå lenger i å dra konklusjonar om kritikkverdige haldningar og handlingar enn det er dekning for i kjeldene.

Eit døme på dette treff bautaen på Smøla som det reine karakterdrap.  Barnebarn av Eystein Gjelsvik (og barn av sonen Tore (1916-2006)) reagerte i Aftenposten 15.11.2018 på utsegner i boka som: «Men han (Tore) gir dessverre aldri noen refleksjoner om hvordan han forholdt seg til den rasebaserte, antisemittiske, snevert bondenasjonalistiske ideologien han vokste opp med.»  Spørsmål må då bli: Var Tore Gjeldsvik sin barndomsheim prega av slike haldingar?  I så fall var faren Eystein Gjelsvik del av ein rasebasert, antisemittisk og snevert bondenasjonalistisk ideologi?                         

I mi hovudfagsavhandling i historie om Bureising, Indre kolonisasjon og Selskapet Ny Jord i eit kulturhistorisk perspektiv er landbrukskandidat Eystein Gjelsvik sentral.  Eg har derfor gjennom denne forskinga registrert og analysert mykje av det denne mannen tenkte og gjorde i sin rolle som leiar av Selskapet Ny Jord frå 1917 og i tiåra som følgde, både på Smøla og elles i landet.

Ståle Tangen, cand.philol.

Ståle Tangen, cand.philol.

I 1917-18 var det eit paradigmeskifte frå det romantiske til det praktiske i Selskapet Ny Jord: Frå etableringa i 1907 var organisasjonen prega av bureiserideologi samansett av agrarnasjonalisme og nostalgi om det a priori gode, stabile samfunnet med den jorddyrkande bonden og jordkultusen som både mål og føresetnad.  Emigrasjonsretorikk og rasetenking framsto som funksjonar av slike straumdrag. Formålet med det heile var vern mot oppløysning av det gamle samfunnet og vern mot den nye tid med internasjonalisering og pengevelde, sjølvforsyning av mat og mest av alt prinsipiell motstand mot utvandring.  Dette var ikkje ekstreme haldningar i det norske samfunnet på denne tida, snarare «main stream».

Gjelsvik var uansett ikkje del av det gamle, han kom med som tilsett i organisasjonen frå 1917 og medverka som utøvande leiar sterkt til å realisere den praktiske konkrete visjonen; nydyrking i samanhengande felt for tildeling av familiebruk til sjølveigande bønder.  Det gamle tankegodset levde nok vidare i organisasjonens styre og venekrins, men vart etterkvart meir marginalt.  M.a. er det ingen teikn til tilnærming til Nasjonal Samling, i motsetnad til slik det var i ein dels samtidig og samanliknbar organisasjon, Bygdefolkets Krisehjelp. 

Eystein Gjelsvik var absolutt ikkje mellom romantikarane i Selskapet Ny Jord.  Han framstår tvert om som ein rasjonell praktisk orientert teknokrat med blikk for nydyrking og bureising ved hjelp av moderne teknologi.  Han var eksponent for kollektive løysingar og offentleg finansiering, sidan det var mest rasjonelt og førte til målet om flest mogleg nye familiebruk.  Gjelsvik var ingen politisk ideolog, han var ein lojal landbruksteknisk innovatør og praktisk orientert «byråkrat» som sto på sin post bokstaveleg talt heile livet, til han døydde i 1950.  Han fekk i 1955 sin fortente bauta ved forsøksgarden på Moldstad, seinare Norsk myrmuseum. 

Å kople Eystein Gjelsvik til nazismen er derfor «fake news».  Bautaen på Smøla står støtt.                                 

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags