Vi treng fleire jordmødre i sjukehusa

Føden: – Det trengs ein samla gjennomgang av heile fødsels- og barselomsorga i Norge, skriv Kjersti Toppe i Senterpartiet. Illustrasjons-foto: NTB Scanpix

Føden: – Det trengs ein samla gjennomgang av heile fødsels- og barselomsorga i Norge, skriv Kjersti Toppe i Senterpartiet. Illustrasjons-foto: NTB Scanpix

Av
DEL

LeserbrevHalvparten av jordmødre som jobbar på dei store fødeavdelingane, vurderer å slutte på grunn av høgt arbeidspress. Tilbakemeldingar frå jordmødrene tydar på at dei er bekymra for om dei klarar å gi kvinner i fødsel og barsel den hjelpa dei treng. Om ikkje utviklinga snus, er vi på veg til ei jordmorkrise som vil ramme heile føde- og barseltilbodet.

Tilbakemeldingane om arbeidssituasjonen ved fødeklinikkane har vore kjent i fleire år. Senterpartiet har fremma fleire forslag i Stortinget om å styrke grunnbemanninga, betre finansieringa og endre finansieringsmåten ved fødeklinikkane, men er blitt stemt ned av regjeringspartia. Det er beklageleg, for situasjonen er uhaldbar og uforsvarleg. Regjeringa har ikkje gjort anna enn å skulde oss som tar opp situasjonen for å skape uro og frykt om fødetilbodet. Det er uakseptable skuldingar, men det verste er at regjeringa ikkje tek jordmødrene på alvor. Tvert om så har regjeringa med helseminister Høie i spissen i fleire år bagatellisert jordmødrenes arbeidssituasjon, og argumentert overflatisk med at vi har «verdas tryggaste fødetilbod».

Sommaren som har gått har vore dramatisk. Jordmødrer har grua seg for å gå på jobb, og talet på alvorlige avvik har gått opp på alle sjukehus på Austlandet (VG 15/8). Same erfaringar finn ein heilt sikkert også elles i landet. For regjeringas sjukehuspolitikk dei siste åra inneber harde krav til effektivisering, som også går ut over fødetilbodet. Jordmødrer prioriterer hardt kvinner i fødsel, slik at det framleis er trygt å føde. Men tilbodet til barselkvinner er skadelidande, og liggjetida blir stadig kortare. At følgjetenesta for kvinner med lang reiseveg ikkje fungerer i mange kommunar, gjer ikkje saka betre.

Etter seks år i regjering – med gjentekne krav om eit betre fødsel- og barseltilbod, erkjenner helseminister Høie endeleg at det er utfordringar. Han varslar at det vil bli sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på bemanning og finansiering av fødeklinikkane. Hurra! Men det er på høg tid. Fødeklinikkane våre treng straks betre grunnbemanning. Berre slik at ein kan skape stabilitet i jordmoryrket og hindre at godt kompetente og erfarne jordmødrer rømmer yrket.

Senterpartiet meiner det trengs ein samla gjennomgang av heile fødsels- og barselomsorga i Norge, etter fleire år med sentralisering, lengre reisevegar, kortare liggjetider, dalande ammefrekvens, manglande følgjetenester og eit kommunalt tilbod som ikkje dekker behovet. Derfor har vi fremja forslag om ein offentleg utgreiing om dette.

Senterpartiet har også fremja forslag om at dagens finansieringsordning med såkalla stykkprisfinansiering av fødetilbodet må opphøyre. Vi meiner det er unaturleg at fødselsomsorga skal få pengar etter aktivitet, og at dette er heilt feil måte å finansiere eit akuttilbod på. Vi meiner grunnbemanninga på fødeklinikkane våre treng å aukast slik at fødetilbodet vert rammefinansiert etter behov, og slik at jordmødrer og barnepleiarar vel å bli i desse viktige yrka.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags