Resultatet for Halsa framstår som både udemokratisk og uforsvarleg

16. august var samtlege kommunestyremedlemmar i Halsa, Hemne og Snillfjord samla til sitt første fellesmøte på Kyrksæterøra. - Måten samanslåinga er blitt gjennomført på, skjerpar berre kritikken om ein udemokratisk og uklok prosess, skriv Tor A. Åfarli.

16. august var samtlege kommunestyremedlemmar i Halsa, Hemne og Snillfjord samla til sitt første fellesmøte på Kyrksæterøra. - Måten samanslåinga er blitt gjennomført på, skjerpar berre kritikken om ein udemokratisk og uklok prosess, skriv Tor A. Åfarli.

Av
DEL

Lokale nyheter – 5 kr for 5 uker

LeserbrevSpørsmålet om Halsas kommunale skjebne har blussa opp igjen i aviser og sosiale medium. Fleire gir uttrykk for at no er det nok. Saka er avgjort! Ja, etter to folkerøystingar og fleire vedtak i kommunestyret skulle saka normalt ha vore avgjort, og halsabyggane burde få ro til å sjå framover.

Når det ikkje er slik, og heller ikkje bør vere slik, er det i hovudsak ein uheldig effekt av to forhold: ei regjering med samanslåingshastverk og eit kommunestyrefleirtal og ein ordførar i Halsa som kanskje vart rive med og ikkje fekk tid til å summe seg. Resultat: Ein samanslåingsprosess som vart kjørt med slik fart og på ein slik måte at resultatet framstår som både udemokratisk og uforsvarleg.

Vedtaket om å legge ned nordmørskommunen Halsa og overføre areal og innbyggarar til Trøndelag er utan tvil det viktigaste vedtaket eit kommunestyre i Halsa har gjort nokon gong sidan kommunen vart grunnlagt. Når organisasjonar skal leggast ned eller nasjonar avgi suverenitet, er det vanleg med krav om kvalifisert fleirtal. Dette for å sikre god legitimitet i slike ekstraordinært viktige saker. I Halsa er nedleggingsvedtak gjort med berre ei stemmes overvekt i kommunestyret. Dette er lovleg så vidt eg forstår, men det verkar likevel høgst urimeleg gitt betydninga av saka, og det særs knappe fleirtalsvedtaket er eigna til å skape uro og misnøye, som vi har sett.

I ei slik avgjerande sak kan ikkje fleirtalets diktatur få råde. Det er kommunestyrets og framfor alt ordførarens ansvar at eit slikt skjebnetungt vedtak blir fatta på ein grundig og klok måte, og når det vart klart at fleirtalet for samanslåing vart så knapt, burde framlegget ha blitt parkert.

Måten samanslåinga er blitt gjennomført på elles, skjerpar berre kritikken om ein udemokratisk og uklok prosess. Det gjekk berre nokre månader mellom samanslåing kom på tale til vedtak vart gjort. Som innbyggar i Halsa har eg ikkje registrert at sentrale talspersonar for samanslåing har prøvd å argumentere systematisk og breitt for standpunktet sitt. Demokrati føreset ein open debatt i mange fora der ulike meiningar blir grundig debatterte før vedtak blir fatta, og dette tar tid. Dette avgjerande aspektet ved ein demokratisk prosess er knapt ivaretatt i Halsa. Det er elles symptomatisk for hastverket at den første folkerøystinga vart gjennomført utan at det samanslåingsalternativet som seinare vart vedteke av kommunestyret, var med i det heile! Også der burde varsellampene ha blinka!

Tolkinga av resultatet i dei to folkerøystingane er eit kapittel for seg sjølv. I den første røystinga var som sagt ikkje det som kommunestyret seinare vedtok, ein gong med som alternativ. I staden vart det at det var fleirtal for alternativet med Halsa, Hemne og Aure, tatt til inntekt for Halsa og Hemne+, noko som mildt sagt er urimeleg. I den andre røystinga var det med eit tredje uaktuelt alternativ (samanslåing med Surnadal) i tillegg til dei to aktuelle: Halsa som no og samanslåing med Hemne+.

Ingen av dei tre alternativa fekk over 50 prosent, men Halsa som eigen kommune fekk fleirtal. Likevel tolka kommunestyrefleirtalet resultatet til inntekt for samanslåing med Hemne+, truleg ut frå ein logikk om at majoriteten ville ha ei aller anna samanslåing. Resultatet kunne sjølvsagt like gjerne tolkast som fleirtal MOT samanslåing med Hemne+. Denne tolkingsakrobatikken kan knapt oppfattast som noko anna enn manipulering, tilsikta eller ikkje.

Det siste punktet eg vil nemne, er at det same kommunestyrefleirtalet som har vedteke samanslåing med Hemne+, også har vedteke at samanslåinga ikkje skal konsekvensutgreiast. Gitt at dette er den desidert viktigaste saka i Halsas historie, kan ikkje dette karakteriserast som anna enn uforsvarleg, og dette er vel nok ein konsekvens av den hastverkssituasjonen regjeringa har lagt opp til.

Samanslåingssaka har alt skapt mykje uro i Halsa, og eg trur ikkje det blir ro før saka har blitt behandla på nytt, på ein forsvarleg og fullt ut demokratisk og konsensusorientert måte. Det er ordføraren og kommunestyrets ansvar at det blir gjort. Innbyggarane i Halsa fortener ei grundig behandling av denne avgjerande saka.

Tor A. Åfarli

Halsa

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags