Grensejustering i Gjemnes kommune

Samler inn fakta: Fylkesmannen i Møre og Romsdal Lodve Solholm.

Samler inn fakta: Fylkesmannen i Møre og Romsdal Lodve Solholm.

Av
DEL

LeserbrevEtter inndelingslova kan ein innbyggar eller eit bygdelag søke om at det skal setjast i gong utgreiing av ei grensejustering, der dagens kommunegrenser blir opplevd som uhensiktsmessige. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har bedt meg om å utgreie og gi mi tilråding til søknaden frå Angvik bygdelag om grensejustering av bygdene i indre Gjemnes til nye Molde kommune.

I neste veke startar innbyggarhøyringa i bygdene Angvik, Flemma, Fagerli og Øye/Heggem. Innbyggarhøyringa blir gjennomført som ei telefonundersøking for innbyggarar over 16 år. Spørsmålet som blir stilt er:

Kva kommune meiner du bygdene i indre Gjemnes skal høyre til i framtida?

* Bli i Gjemnes kommune.

* Overflytting til nye Molde kommune.

* Veit ikkje.

Når resultatet frå innbyggarhøyringa er klart i veke 6, vil kommunestyra i Gjemnes, Molde, Nesset og Midsund få oversendt saka på høyring for uttale.

Kommunestyra skal gi sin uttale til Fylkesmannen innan veke 9. Tilrådinga blir presentert på pressekonferanse siste veka før påske.

For meg er det viktig at alle relevante opplysningar kjem fram, til dømes folketal, areal, geografi, kommunikasjonstilhøve, pendling, bu- og arbeidsmarknad, utbyggingsmønster og det kommunale tenestetilbodet. Fylkesmannen har derfor samla inn relevante fakta om bygdene i indre Gjemnes frå mellom anna Møre og Romsdal fylkeskommune og dei involverte kommunane.

Innsamla fakta og informasjon om grensejusteringa er tilgjengeleg på Fylkesmannen og kommunen si heimeside og eg oppfordrar alle interesserte til å setje seg inn i desse opplysningane.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags