Mennesket og havet

Symbol: – Krabbeskulpturen set fokus på mennesket si forsøpling av havet med seigliva plast. Dette er både naudsynt og bra. Men det vi kan kalle makroplast på avvegar, er berre eit delproblem som har kome til overflata, skriv Jon Ingvald Håbrekke. Biletet er frå avdukinga av skulpturen i mai.

Symbol: – Krabbeskulpturen set fokus på mennesket si forsøpling av havet med seigliva plast. Dette er både naudsynt og bra. Men det vi kan kalle makroplast på avvegar, er berre eit delproblem som har kome til overflata, skriv Jon Ingvald Håbrekke. Biletet er frå avdukinga av skulpturen i mai.

Av
DEL

LeserbrevPå Lyngholmen, ved svevestien og Atlanterhavsvegen i Averøy, kan turistar og andre sjå resultatet av skuleelvar si strandrydding av plast. Krabbeskulpturen til kunstnaren Eirik Audunson Skaar set fokus på mennesket si forsøpling av havet med seigliva plast. Dette er både naudsynt og bra. Men det vi kan kalle makroplast på avvegar, er berre eit delproblem som har kome til overflata.

Under overflata kviler eit langt større problem! All den usynlege forgiftinga av havet der ansvaret ligg på oss menneske. På ryggen ber vi med oss den kjemiske industrien og pengemakta si grenselause egoistiske jakt på profitt. Oljefondet sitt investeringsobjekt Monsanto, er sjølve keisarsymbolet på dette problemet. Dei har eksportert DDT og PCB til havet i store mengder. Siste tiåra har Roundup med ugrasmiddelet glyfosat til bruk i GMO-landbruket vore ein merkantil kjempesuksess. Men glyfosat har mange ulike andlet.

Glyfosat er eit chelateringsmiddel. Dette var grunnlaget for det første patentet og bruksområdet. Glyfosat i jorda vil binde næringssalt, slik som magnesium og kalsium. Dermed blir mineral vaska ut av jorda. Til no har det vore brukt glyfosat som tilsvarar 500 billionar molekyl pr. kvadratmillimeter jordbruksjord i verda. Risproduserande bønder på Sri Lanka har fått mineralglyfosat i grunnvatnet og drikevassbrønnane sine med fleire titusen døde av nyresvikt som resultat. (Kjelde: NRK – «Ugressmiddelet som splitter Europa», sendt 5. mai 2018). I 2010 vart glyfosat patentert som antibiotikum mot protozoer (encella urdyr). Problemet er at glyfosat også tar knekken på bakteriar som er essensielle for fordøyinga vår, og for opptak av mineral vi treng i cellene våre sin energiproduksjon. Ein konsekvens er auka kreftrisiko. Avrenning frå landbruk og skogbruk til havet er dermed eit av dei store og usynlege problema under overflata.

Giftutslepp frå sanitæranlegg er eit anna usynleg problem. Ute av syne – ute av sinn, seier eit ordtak. Det er eit ord som særleg kan klistrast tungt og fast på det politiske miljøet. Norges miljø- og biovitskaplege universitet på Ås fann 1000 gongar meir gift i meitemark frå jord med kloakkslam enn i meitemark frå vanleg jord. Kva fortel det oss? For det første: Kloakkslam er spesialavfall. For det andre: Havet får store mengder gift gjennom våre sanitæranlegg. Legemiddelindustrien sin produksjon går via apoteka og pasientkroppar til toalettskåla og havet. Det same med parfymeria og reinhaldsavdelingane sine varelager. Med 60 prosent kledeproduksjon av ulike plasttypar, går mengder av mikroplast frå vaskemaskinene våre ut til havet.

Korleis gjer dette seg gjeldande i havet? Den 13. august 2018 publiserte nettavisa til NRK artikkelen «Spekkhogger-mamma svømte 1.600 km med død unge». I sundet mellom Vancouver Island i Canada og den amerikanske delstaten Washington lever ei familiegruppe på 75 kystspekkhoggarar. Dei siste tre åra har ingen i familiegruppa fått fram levande ungar. Dette var første ungen på lang tid, og han var dødfødt. Mora sumde rund med ungen i 17 dagar og la bak seg 1.600 km. Stadig løfta ho ungen over vassflata for at vi menneske skulle sjå kva vi har gjort med havet. Vitskapsfolka tolka dette meir snevert, nemleg som ein ekstremt langvarig sorgreaksjon. Det er ei undervurdering av desse havpattedyra sin intelligens.

Her heime har Mattilsynet gått ut med sine åtvaringar. Er du gravid, bør du halde deg unna fisk, i alle høve avgrense deg til maks eit måltid villfanga fisk i veka. Gjennom næringskjedene blir havpattedyr og fisk forgifta. Hormonhermarar går ut over formeiringsevne og livsevne. Alle marine oljer med livsviktige langkjeda omega-3-feittsyrer må raffinerast for giftstoff før konsum.

Døyr havpattedyra og fisken, døyr havet. Døyr havet, døyr mennesket. No er det på høg tid at politikarane og folk flest søkjer sanninga om havet og konsekvensane av sitt eige forbruk. At dei no søkjer under overflata av PR-byråa og teknologiverksemdene sine vakre festskrift. Og det grundig!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags