Eldrerådet må takast på alvor

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeserbrevI min heimekommune Surnadal skulle kommunestyret 21. juni ta stilling til ei sak om «Mulighetsstudie – Surnadal helsehus». Gjennom eit mulighetsstudie har ein prøvd å vurdere ulike alternativ for framtidig bruk av området der sjukeheimen ligg i dag. Rapporten frå arbeidsgruppa syner at ein kan få ein god bruk av området om ein legg ein langsiktig strategi for kva som er målet både på kort og lang sikt.

 Dette høyrest greit ut. Det som eg ikkje synest er like greit er at eldrerådet ikkje er representert i den arbeidsgruppa som er oppretta i samband med gjennomføringa av mulighetsstudiet. Arbeidsgruppa består av åtte representantar. Dei fleste er tilsette leiarar innan helse- og sosialsektoren i Surnadal.

Eldre er som kjend storforbrukarar av helsetenester. Dette er fakta som er godt dokumentert. Ikkje minst av denne grunn er det viktig at eldrerådet er representert i denne arbeidsgruppa. Eg er kjend med at spørsmålet om eldrerådet skal kome med i denne arbeidsgruppa eller ikkje er oppe til vurdering i kommunen sine styrande organ. Eg håper vurderinga får eit heldig utfall for eldrerådet sin del.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags