Dei eldre må behandlast med respekt

Av
DEL

LeserbrevI dagens samfunn opplever ein rett som det er at dei eldre ikkje blir møtt med den respekt dei fortener. Det siste på dette området er at sjuke eldre i aukande grad har blitt sendt med ambulanse frå sjukehus til heimkommunen midt på natta. Dette er etter mitt syn uverdig ovafor sjuke eldre som i utgangspunktet skal ha det bra i alderdommen. Dei skal oppleve at dei blir verdsett og har verdighet. Avisa VG avslørte nyleg at det i fjor blei køyrd minst 1.546 turar med ferdigbehandla eldre pasientar over 74 år ut frå sjukehus mellom klokka 22.00 og 07.00. Dette skal vere ei dobling i løpet av seks år!

Grunnen til denne nattkøyringa ligg etter alt å døme i Samhandlingsreforma som blei innført i 2010. Føremålet med reforma var mellom anna å få til ei betre samhandling mellom sjukehusa og dei kommunale helsetenestene. I og for seg ein fornuftig tanke. Men, her verkar det som om det er tatt for mykje «Møllers tran». Det er bra at helseminister Bent Høie ga stoppsignal med det same han blei kjend med VG si avsløring.

Praksisen med kognitive prøver ved fornying av køyrekort for eldre personar er eit anna døme. Forskar Ingar Roggen, som er ein pioner på forsking av eldre sine sosiale, biologiske og fysiske vanskar, har sagt det slik til avisa Gudbrandsdølen av 17. august 2016: «Dette er psykologiske tester, og har ikke noe med kjøreferdighet å gjøre. Det er maktmisbruk mot de eldre som en vergeløs gruppe». Sterke ord av forskar Roggen dette. Det gledelege her er at  frå og med 21. juni i år skal dei kognitive prøvene berre gjennomførast ved mistanke om kognitiv svikt. Samstundes er aldersgrensa for å gjennomføre slike prøver høgda til 80 år. Dette har Samferdselsdepartementet bestemt.

Diskriminering og negative haldningar når det gjeld dei eldre må seiast å vere ei dagleg utfordring. Aldersdiskriminering er å finne over alt. Det er også ei av dei mest godtekne formene for diskriminering. Latterleggjering av eldre i ymse media er velkjent. Meir alvorlege følgjer har det at eldre får dårlegare medisinsk oppfølging enn yngre menneske. Det er heller ikkje uvanleg at styresmaktene vedtek ein politikk som ekskluderer og ikkje legg til rette for at eldre kan delta i fellesskapet på same måte som yngre kan.

Med pensjonsreforma tok ein til med å regulera pensjonane i takt med lønnsveksten, med eit frådrag på 0,75 prosent. Det betyr at pensjonistane no gjennom fleire år på rad har fått større nedgang i realinntekta si enn arbeidstakarane. Ein kan stille seg spørsmålet: Er dette rettferdig?

Til slutt vil eg nemne at dei eldre her til lands ikkje er representerte i folkevalde organ i forhold til den store delen dei utgjer av den totale befolkninga. Det er mykje som skal til før ein er i mål på dette feltet. Ved kommune- og fylkestingsvalet til hausten har veljarane høve til å rette opp dette. Om ikkje anna eit lite stykke på veg.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags