Skammeleg utkantpolitikk i Eide

– Vi som bur på Vevang har siste året sterkare enn før følt, at eit fleirtal i kommunestyret har brukt makta si på å skade Vevang-bygda med å legge ned skulen, det siste året Eide er eigen kommune, skriv Kolbjørn Gaustad.

– Vi som bur på Vevang har siste året sterkare enn før følt, at eit fleirtal i kommunestyret har brukt makta si på å skade Vevang-bygda med å legge ned skulen, det siste året Eide er eigen kommune, skriv Kolbjørn Gaustad.

Av
DEL

LeserbrevEg trur leiinga i Eide kommune bevisst ønskjer å legge hindringar i vegen for at vi skal få halde vår lokale 17. maifeiring på Vevang, slik vi har lange tradisjonar på.

Vi som bur på Vevang har siste året sterkare enn før følt, at eit fleirtal i kommunestyret har brukt makta si på å skade Vevang-bygda med å legge ned skulen, det siste året Eide er eigen kommune. Det var ikkje elevgrunnlaget som var årsaka, då det var 42 elevar på skulen. Skulen hadde gode lokale og berre utdanna lærarar. I Vestnes har dei utsett nedlegging av fleire mindre skular heilt ned til 16 elevar. Skulekommuna Volda har stilt seg positiv til privatskuleløysing i staden for nedlegging.

Det var heller ikkje økonomien som var grunnen. Eide kommune hadde likvide midlar på  fondskonto med meir enn 60 millionar, da vedtaket om skulenedlegging vart teke. Rådmannen skreiv at ein måtte flytte elevane frå Vevang til Lyngstad for at ungdomsskulen på Eide ikkje skulle «forvitre» i den nye Hustadvika kommune.

Det vart sett fram forslag om at ein utsette saka om nedlegging av skulen slik at ein fekk ei meir heilskapeleg og sakleg vurdering av skulestrukturen, sett i samanheng med skuletilbodet  i ytre del av den nye Hustadvika kommune. Alle freistnader til fleirtalet om å bruke fornuft og tenke på barnas beste, var å tale for dauve øyrer, då alle i  fleirtalspartia hadde bestemt seg på førehand og var urokkeleg. Når bygda samla inn kr, 100.000,- og søkte om privatskule gjekk det same fleirtalet mot dette og viste til alternativ til privatskule fann ein i nabokommunen Averøy.

Som om dette ikkje var godt nok signal, sytte rådmannen for at alle dørlås i skulen på Vevang vart skifta, slik at ingen i bygda skulle kome seg inn og bruke den nedlagte skulen. Denne stenginga for bygdefolket er ei heller tvilsam juridisk handling? Sangkoret som brukte skolen til øvingslokale og 4H og andre, som bruka skolen på kveldstid vart då utestengt og utan øvings- og møtelokale. Skulen er limet i bygda også på kveldstid.

Det var som å strø salt i såret då rådmannen kalla inn til møte i april og sendte to planleggarar til Vevang, som hadde med seg gule lappar og delte ut på møtet. For å få innspel frå bygdefolket og kva ein skulle bruke den nedlagte skulen til i framtida.

Ein møtedeltakar som prøvde å seie at ein skule var bygd for å drive undervisning i og neppe kunne brukast til noko anna, vart klubba, då framtidig skule på Vevang, ikkje var tema på møtet. Rådmannen ville,  også ha klausulert at skulebygninga ikkje skulle brukast til skule og undervisning meir, om den vart seld vidare. Dette for å heilgardere seg mot at det aldri meir vert skule på Vevang.

Til trass for at Eide kommunestyre har lagt ned skulen, gått mot søknad om privatskule og skifta lås i alle dører for å hindre att nokon i bygda kan bruke skulen, gjev ikkje bygdefolket opp.

På eit bygdemøte vart det konkludert med at det også i år som er første året utan skule på Vevang, skal haldast 17. maifeiring i bygda slik det har vore alle dei 146 åra det har vore skule på Vevang. Sjølv dei fem åra det var krig i landet, var det ikkje feiring av nasjonaldagen, men skule i bygda var det under heile krigen i private hus, då skulen var okkupert.

Det går tydeleg fram at skulen er limet i bygda og at ei bygd utan skule ikkje har ei framtid på linje med ei bygd som har sin eigen barneskule. Trøysta er ei von om at det i den nye Hustadvika kommune vert teke meir omsyn til kva som er barnas  beste, enn i den kommunen vi kjem i frå.

Det er slik ikkje mange på Vevang som føler trong til høge hurrarop for Eide kommune på 17. mai. Vi vonar på eit meir heilhjarta og rungande hurrarop neste år i ny kommune!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags