Svar på nokre spørsmål

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MeningerJ.A. stilte tre spørsmål til meg i Tidens Krav 13. mai. Eg skal svara han/ho (?) på dei, sjølv om eg undrar meg over at den anonyme personen treng det.

Spørsmål 1. var: ”Er du sikker på at det berre er jordbruksvikarar og skogsarbeidearar på Hjelset?”

Svar: Nei, eg veit det er fleire enn det. Det er mange som arbeider på det psykiatriske sjukehuset på Oppdøl, den den største arbeidsplassen på Hjelset. Eg gjorde det også klart at 1000 arbeidsplassar ved fellessjukehuset ville vera eller bli busette der. Det er vel i overkant av det som er truleg det blir. Eit fellessjukehus vert ein mykje større arbeidsplass enn det som no er psykiatri.

Spørsmål 2. Meiner du det er plass til oss alle saman i Storgata i Molde og på Kirklandet i Kristiansund?”

Det meiner eg ikkje, og alle i Molde og Kristiansund bur heller ikkje der. Det eg meinte var å peika på at det er i desse byane ein finn arbeidsplassar for ektefellene til dei som skal arbeide på fellessjukehuset. Der er det industri, handel, skular, offentlege arbeidsplassar, transportknutepunkt, fritidstilbod av alle ymse slag, handverkarar osv. Det er difor det har vokse fram byar akkurat der, og med kvart sitt lokalsjukehus.

Spørsmål 3. ”Og er det ikkje synd på alle dei som etter dine utrekningar må reisa Jorda rundt for å koma til sjukehus”.

Svar: Eg skjønar ikkje heilt dette spørsmålet. Det eg rekna ut var det minimalt ekstra transportbehovet når ein flytter to lokalsjukehus ut av to byar og til Oppdøl. både for innlagde pasientar, deira vitjande og pendling av tilsette eller deira ektefeller. Det vert minimum 306 gonger rundt Jorda ved ekvator for å visualisera storleiken av dette ekstra transportbehovet. I alle fall trur eg Miljøpartiet Dei Grøne ikkje tykkjer dette er ein stor fordel. Synd er det i hovudsak for dei pasientane som treng akutt medisinsk hjelp og for ein del kvinner i fødsel.

Elles trur eg nok at du J.A. er tilsett på Oppdøl. Spørsmåla dine tyder på det. Det treng du ikkje skamma deg over slik at du løyner deg anonymt. Vonar svara er klåre nok.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags