Når blei satsing på mattryggleik «verkelegheitsfjernt»?

Av
DEL

MeningerI eit lesarinnlegg i Tidens Krav den 25. januar i år skriv Erling Dragseth at eg lever i mi eiga boble. Dette kom etter at eg i eit innlegg i same avis 21. januar peika på at me må satse meir på mattryggleik innan norsk bistandspolitikk framover.

Situasjonen med folkeauke på det afrikanske kontinent frå 1,2 milliardar i 2015 til anslått 2,5 milliardar i 2050 krev at me må ha fokus på hjelp til sjølvhjelp innan jordbruk og trygg mattilgang. Samstundes må me arbeide for at land som slit med å brødfø si eiga befolkning ikkje skal ha eit stort insentiv til å eksportere matvarer ut av landet, men ha moglegheit til å trygge mattilgang i nærområda fyrst. Det tykkjer eg ikkje er særleg «verkelegheitsfjernt».

Liv Signe Navarsete og bistand til Afrika

Dragseth hevdar i sitt svar på innlegget mitt at folkeauka på det afrikanske kontinentet i seg sjølv er ei fare for menneskeheita. Løysinga han føreslår er at norsk bistand først og fremst skal gå til arbeid med familieplanlegging og at ein skal arbeide for ei streng barneavgrensing per familie. Her kan eg trygge Dragseth med at Senterpartiet også tykkjer at å løyve midlar til seksuell og reproduktiv helse og rett (SRHR) i utviklingsland er særs viktig. Me er usamde med regjeringa, som i budsjettet for 2020 har redusert bistand til SRHR med 254 millionar. Men, det er ein grunnleggande menneskerett at ein sjølv får velje kor mange barn ein ynskjer å få. Eg tykkjer difor at Dragseth sitt forslag om at Noreg skal arbeide aktivt for streng avgrensing per familie i Afrika, i retning Kinas eittbarnspolitikk, er svært kontroversielt. Det er langt utanfor Noregs mandat og ein kvar stat eller organisasjon sitt mandat.

Vidare kritiserer Dragseth at Noreg i det heile tatt løyver midlar til bistand etter som han peikar på at statsbudsjettet går i underskot med om lag 250 milliardar. Senterpartiet meiner me som nasjon må arbeide for eit globalt samfunn med mindre ulikskapar, og er ikkje samd i at bistandsløyvinga skal fjernast frå statsbudsjettet. Men me er opptatt av at me skal bruke bistandsmidlar på ein effektiv og god måte. Som eg skreiv i innlegget mitt har Verdsbanken presisert at investeringar som tener småbønder i landbruket gir minst dobbel så stor effekt som anna bistand med tanke på å få landa ut av fattigdom. I dei aller fattigaste landa er effekten fire gongar så stor. Difor tykkjer me at det er viktig å setje inn innsats på dette feltet, nettopp fordi me ser det gir best effekt samt at hjelp til sjølvhjelp står i fokus.

Til sist er Dragseth skeptisk til innvandring, spesielt frå Midtausten og afrikanske land. Og vidare korleis det vil påverke evna til å oppretthalde standaren på dagens velferdssamfunn når den norske oljeepoken er over. Utviklinga viser at innvandringa til Noreg er rekordlåg, og i 2018 tok me mot færre flykningar enn alle våre skandinaviske naboar. Det vitnar ikkje om systemkollaps. Vidare så har eg stor tru på at me kjem til å klare omstillinga av økonomien og industrien vår. Me har flust av dyktige menneske i dette landet som jobbar på for å finne gode løysingar på dei utfordringane som ligg framfor oss. Difor trur eg ikkje at slutten på oljeepoken er synonymt med slutten på velferdsstaten.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags