Krev at Mork og Aure videreførast

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Det spesialiserte rehabiliteringstilbodet i fylket er no under vurdering og Helse Møre og Romsdal har gjennomført ei risiko- og sårbarheitsanalyse av å samle dette tilbodet på ein stad.

Frå denne analysen kjem det fram følgande moment:

  • Det er fare for at ikkje alle i fylket får likeverdige tenester, uavhengig av alder og kvar folk bur.
  • Det er fare for at det blir meir liggetid på sjukehusa.
  • Det vil kunne bli meir press på kommunane.
  • Og det er stor fare for å miste dei tverrfaglege kompetansemiljø

Tilbodet som vert gitt ved Mork og Aure Rehabiliteringssenter sikrar vidareføring av viktig spisskompetanse innan rehabilitering. ROS-analysa som er gjort av Helse Møre og Romsdal syner at ein ikkje kan samle all rehabilitering i fylket på ein stad. For mange kommunar vil det vere svært kjevande å overta den funksjonen som Mork og Aure no tilbyr og vi fryktar at konsekvensen av ei nedlegging av desse, gir eit dårlegare tilbod til pasientane i mange kommunar.

På denne bakgrunnen vil vi difor kreve at drifta ved Mork Rehabiliteringssenter i Volda og Aure rehabiliteringssenter vert ført vidare.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken