Skål for meir alkoholbruk!

Av
DEL

MeningerDet er trist å registrere korleis politikarar og media i desse dagar totalt avviser å diskutere tiltak som kan vere med og redusere rusmiddelbruken og rusmiddelproblema. Samtidig som både WHO og Stortingsfleirtalet har vedtatt å redusere alkoholbruken og rusgiftskadene med 10 % innan 2025, og politikarar har bede fagdirektoratet sitt om å komme fram med forslag til tiltak som kan virke, blir konkrete framlegg både avvist og latterleggjort. Vi veit at totalforbruket av alkohol i vårt land har vore jamnt stigande dei siste 50-60 åra, frå ca 3 liter pr person til ca 6 liter pr. person over 15 år. Vi veit og at det er vinforbruket som utgjer ein vesentleg del av denne auken, og auken vart spesielt tydeleg etter innføringa av pappvin på 1980-talet.  Fleire har også peika på den sterke kjønnsdimensjonen i denne auken, med stadig fleire kvinner som får rusproblem. Og om helsegevinstane blir som antyda, og rundt 30 menneskeliv årleg blir spart, burde det vere interessant i det minste å ta ein seriøs diskusjon.

Erfaringar frå andre land viser at det har betydning om vin blir selt i 1-liters, 2-liters- eller 3-literskartongar, på same måten som vi veit at det har betydning for matinntaket om vi et frå små eller store tallerknar. Det er negativt for både folkehelsa og for ein kunnskapsbasert rus- og folkehelsepolitikk at så mange er så totalt avvisande til faglege råd. Men dessverre: det er slik kunnskapsvegring og slike politikarar som synest å få stadig større innverknad på mange område i svært mange land.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags