Fylkeskommunen mot straumen

Av
DEL

KronikkForslaget om kutt i dei praktisk-estetiske faga i vidaregåande skule frå fylkesrådmannen er heilt i utakt med kunnskap vi har og strøymingane i tida. Fylkeskommunen går imot både nasjonal og internasjonal forsking og strategien regjeringa nyleg la fram.

Ei rekke vidaregåande skular står i fare for å miste eller få utdanningstilbod sterkt redusert innan praktisk-estetiske fag om innstillinga frå utdanningsavdelinga i fylkeskommunen vert gjeldande. Det gjeld tilbod som musikk, dans og drama, kunst, design og arkitektur og toppidrett.

Forslaget er stikk i strid med det regjeringa la fram i sin strategi «Skaperglede engasjement og utforskertrang.» i august i år. – Vi vil legge til rette for meir praktisk læring i faga musikk, kunst og handverk, kroppsøving, og mat og helse. Vi vil stimulere kreative læringsformer, sa kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) då strategien vart lagt fram.

Han vart følgd opp av kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V), som i same samanheng, sa følgande: – Dei praktisk-estetiske faga har ein viktig plass i skulen, fordi kunsten har eigenverdi og elevar skal få oppleve og delta i kunst- og kulturaktivitetar. Gjennom praktiske og estetiske fag lærer elevane ulike måtar å uttrykke seg på, og å reflektere over det samfunnet dei lever i.

Internasjonal forsking viser også at praktisk-estetiske fag kan ha ein positiv innverknad på korleis barn og ungdom presterer i andre fag i skulen. Det EU-støtta forskingsprosjektet Drama Improved Lisbon Key Competence in Education har mellom anna konkludert med at: «Lærarar observerer at dei elevane som har deltatt i aktivitetar innan drama og teater i undervisninga blir signifikant betre i dei fleste kompetansane enn dei elevane som ikkje har gjort det». Kompetansen det er snakk om er: kommunikasjon, å lære å lære, sosial kompetanse, entreprenørskap og kulturell forståing.

Wenche Torrisen, førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda, har gjennom ulike tverrfagleg forskingssamarbeid dei siste åra sett på blant anna teater, drama, musikk og kunst og handverk opp mot psykisk helse. Ho har saman med kollegaene funne at kunst- og kulturdeltaking fremmer psykisk helse og bidreg til at menneske med forskjellige psykososiale utfordringar får det betre i kvardagen.

Når fylkeskommunen går inn for å kutte plassar ved toppidrettslinjer er dei med på å gjere draumen om å kunne verte toppidrettsutøvar vanskelegare blant mange ungdommar i fylket. Nyare forsking frå dosent Erlend E. Vinje ved Universitetet i Sørøst-Norge gir oss viktige opplysningar i den samanhengen: «Det å få kroppsleg erfaring, kunnskap om trening, livsstil og åtferd og kunne spesialisere seg i sin idrett kan vere avgjerande for at utøvaren/eleven når måla sine/lukkast som idrettsutøvar. I tillegg vil rørslekulturen kunne bidra til betra fysisk og mental helse».

Måndag 11. november gir Verdens helseorganisasjon (WHO) ut ein rapport som konkluderer med at kunst og kultur bidrar til å fremme psykisk helse og wellbeing. Dette er den største kartlegginga som har vorte gjort på feltet. Rapporten legg fram tydelege politiske tilrådingar, alt frå å sikre kunst og kulturtilboda i lokalsamfunna og fjerne barrierar for kunst og kulturdeltaking, til å satse på kunstintervensjonar i helsesektoren, tilrettelegging av partnarskap og investering i forsking. Fylkespolitikarane oppmodast til å ta ein kikk i rapporten før dei skal avgjere om ein vil vere med på dei foreslegne kutta i utdanningssektoren i fylket.

Miljøa rundt dei praktisk-estetiske tilboda ved dei vidaregåande skulane i fylket er svært viktige for det lokale og regionale kultur- og idrettslivet. Det å redusere dei vidaregåande tilboda vil vere med på å gjere lokalsamfunna i fylket mindre attraktive, gjennom eit redusert musikk, kunst, idrett- og kulturliv. Noko som igjen negativt vil påverke bulyst og rekruttering til høgare utdanning i fylket, og seinare også negativt påverke rekruttering til arbeidslivet i fylket.

Høgskulen i Volda har lang og omfattande undervisnings- og forkingspraksis som bruker praktiske, skapande, kroppslege og erfaringsbaserte tilnærmaringar til læring og vidareutvikling av framtidsferdigheiter. Desse ferdigheitene har vist seg å vere svært avgjerande og har stått som ein berebjelke for Møre og Romsdal i utviklinga av det dyktige og innovative kultur- og næringslivet ein har i dag. Kva hadde til dømes lokale kulturscener og skips- og møbelindustrien vore utan flinke kreative fagfolk som kan vere både skapande, nytenkande, praktiske og kroppslege? I framtida vil ikkje desse ferdigheitene vere mindre relevant – tvert om!

Er det fylkespolitikarane sin intensjon å vere så dramatisk umusikalske at dei ikkje klarer å kome seg over den praktisk-estetiske hekken? Lat oss for heile Møre og Romsdal si skuld håpe at dei gjer godt handverk i det pågåande løpet!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags