«Kvifor» nemnes ikkje

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Fylkesleiar i Møre og Romsdal FrP Frank Sve reknar opp alt som talar for at Møre og Romsdal skal vera ein eigen region. Fylket står godt på eigne bein, har eit solid næringsliv og er landets tredje sterkaste eksportfylke. Eg er einig med han i alt det han skriv. Det han diverre ikkje nemner med eit ord er kvifor eit så solid fylke er i ferd med å sprengjast og kvifor limet som held fylket saman sviktar. Dersom ein fylkespolitikar ikkje veit kva årsaken til at fylket raknar i saumane er det lite han kan gjera for å hindra det.

Eit tips til Frank Sve og andre fylkespolitikarar som ikkje ser årsaka: Studer kommune- og fylkestingsvalet 2015. Årsaka er sjukehussaka. Veljarane er gått leie av  hersketeknikken dei etablerte partia brukar saman med direktørane i helseføretaka  for å sentralisera sjukehusa og medisinsk akuttbehandling. Tre sjukehus (i Ålesund, Volda og Molde) og null sjukehus i Kristiansund og på Nordmøre. Det er likeeins som då Fylkestinget vedtok å byggja ut høgskulesystemet i fylket etter «paraplyprinsippet»: Høgskular i Ålesund, Volda og Molde, men ikkje ei paraplyspil i Kristiansund.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken