Sjøfolk lærte oss å bli folkekyrkje

Magne Hoem.

Magne Hoem.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeserbrevSjømannskirken Norsk kirke i utlandet, Møre, er samla  på Averøya no siste helga i denne månaden.  Historiske kjelder fortel at det på det meste var seks lokallag på Averøya.  Sjømannskirken er i 2017 stasjonert i 30 land og har i tillegg ambulerande prestar for m.a. studentar og verksemder på hav og land.

-  Sjømannskyrkjene lærer oss  å vere folkekyrkje og vere tenarar for den rause Gud.

Denne grunngjevinga, som utsendingar ofte brukar for å besøke sjømannkyrkjer,  har ein  historisk bakgrunn.  Det  var sjømenn som sjølve lærte den tradisjonsrike  «ytre sjømannsmisjon»  å være folkekyrkje.

Tidlegare sjømannsprest Rune Birkeland,  som er mellom dei med lengst fartstid i organisasjonen,  seier det  slik:

- Sjømennene er et ærlig folkeferd som gir klar beskjed når det er noe de reagerer på.  Sjømannskirkene har justert kursen når de følte det var riktig.  Gjennom dette samspillet vokste det fram en grunntone som har preget sjømannskirkene siden. Takhøyde og toleranse, ekthet og troverdighet ble kjennemerker for arbeidsformen «dekk og dørk».

Hausten 2015 flytta vi inn i sokneprestbustaden på Kvernes etter å ha arbeidd i Sjømannskirken Kong Haakons Kirke (København) i meir enn åtte år.   Det vart ein langt lettare overgang enn venta.  Kyrkjene i Ytre Nordmøre prosti  har overraskande mykje til felles  med  Sjømannskirken Norsk kirke i utlandet.

Hovudårsaka til dette er naturlegvis at svært mange har eller har hatt sjøfolk i  næraste familie.  - Etter at han vart konfirmert, reiste han til sjøs («hainn va på sjy’nå» ), er framleis eit lite overraskande svar når minneord skal skrivast.  

«Foreningen til  Evangeliets forkyndelse for Skandinaviske Sømænd i fremmede Havne» vart stifta av framsynte innovatørar i Bergen (1864).  Året etter vart den etter kvart verdsvide Frelsesarmeen  stifta  i London  for  å gje omsorg for  menneske  som  ofte hamna i byens rennestein. På omdømmemålingar ligg begge desse organisasjonane ikkje overraskande på øvste hylle og lenger framme enn dei fleste frivillige ikkje-statlege organisasjonar. 

Det var etter stillingsintervju i  Bergen at vi vart kalla til Kong Haakons kirke i København sommaren 2007.  På flyet attende frå Bergen begynte vi  å lese Kjell Bertel Nylands fantastiske inspirasjonsbok «Tolk og tjener». Boka har ein indre samanheng mellom teologi (tolk) og diakoni (tjener) som er prisverdig.

Det er eit framifrå kall og  godt å arbeide i og for verdistyrte folkeorganisasjonar. Vår erfaring frå ei rad sjømannskyrkjer dei siste femten åra er at organisasjonen etterlever visjonen og verdiane sine.

Visjon og verdiar er forankra i organisasjonen slik at oppgåvene -  gamle og nye – er i samsvar med desse.

Eit tydeleg prov på at visjon og verdiar er viktige styringsreidskapar er at  vi ikkje møtte ein einaste kollega som ikkje kjende dei.  Dette er ikkje sjølvsagt alle stader!

Kan hende er det nettopp verdiforankringa som er ei av årsakene til  at vi har opplevd  Sjømannskirken Norsk kirke i utlandet som ein svært ordentlig organisasjon som tek vare på sine tilsette. Somme vil kan hende  hevde at organisasjonen er sterkt sentralstyrt. Vi vil seie at dette kan vere nødvendig for å halde organisasjonen samla.  Det er dessutan ein heilt annan sunn tillit enn det vi har sett   mellom sentrum og periferi  i det norske samfunnet etter at vi flytta heim. 

Ein organisasjon  som arbeider i så mange land  ville snøgt kunne gå i tusen bitar  eller i det minste gi rom for kongar på haugen dersom det ikkje  er ei tydeleg  sentral styring.

Den søndagen vi kom til høgmesse med innsetting i  Danmark hausten 2007  var evangelieteksten om eit menneske som kom attende og sa takk!

- Fra første stund kjentes det naturlig også å kalle Sjømannskirken Kong Haakons Kirke for Takknemlighetens Tempel, forkynte, Erik Guldvog, som var den første norske presten stasjonert i København tidleg på 1950-talet.

Kong Harald fylte 70 år i februar 2007. Året etter kom har saman med Dronning Margrethe og kasta glede, humør og glans over Sjømannskirkens Kong Haakon kirkes 50 års jubileum.  I ”sjømannskyrkje-fadderkorpset” finn ein også små og store skipsreiarar  som framleis viser takk og respekt for ein organisasjon som  brukar pengane så smart at ei krone oftast blir ei og ei halv eller to omsorgskroner.  Dette er også avgjerande for statlege kroner som folkevalde uansett politisk farge kvart år vedtar å overføre til organisasjonens arbeid i over 30 land.

Kjelder: 

Kjell Bertel Nyland: Tolk og tjener – et bidrag til Sjømannskirkens selvforståelse og brukerforståelse  (2005),  ISBN : 82 -7192-017-0

Sjømannskirken Norsk kirke i utlandet, bladet ”Hjem” nr 3/17 s 32 

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags