Folketallet går ned

Av
DEL

LeserbrevNår utgangspunktet er feil, blir resultatet deretter. Utviklinga i eit samfunn blir påvirka av mange ulike faktorar. Når samfunnet då blir bygd på ein tvilssom ideologi som fører til ein livsstil som gir feil resulat, er vi der vi er no. Desse bindingane har vore kjende lenge.

Alternativet er at kristne no vaknar opp, og står opp og tar del i kampen om samfunnet framover. Vi har for tida ein pågåande debatt om folketalsutviklinga. Den låge tilveksten er no nede i 1,6 barn pr. kvinne i snitt og vippepunktet for å oppretthalde folketalet er på 2,1. Korleis så makte å snu dette? Demonstrasjonane for sjølvbestemt abort som fann stad i samband med regjeringsplattforma og spørsmålet om tvillingabort, vart jo nesten hysteriske. Det var snakk om kanskje rundt 15 foster.

Våre naboland har aldri tillat denne forma for tvillingabort. Samfunnet kan ikkje over tid ha så låge fødselstal. Det vil ikkje vere berekraftig. Kva er det så som manglar når botnen går ut av eit samfunn fordi det blir født så få barn at samfunnet kan opphøre å eksistere ganske raskt.

Undergangen er knytt opp mot den ideologi som samfunnet blir styrt etter og som så fører til feil resultat. Ein treng ikkje vere rakettforskar for å sjå at retninga førte oss hit. Familien er å blir den viktigast faktoren for å kunne motvirke den utvikling som no skjer. Familien har vore under press over lang tid og må no prioriterast på topp. Rammene må byggast rundt familien for at det skal fødast fleire barn. Dei nære nettverk må styrkast.

Stater eller kommunar må ha familien som basis ellers er vi på veg ut, over tid. Feil ideologi gir feil livsstil og det blir feil resultat på ny.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags