Gjer Sunndal til ein attraktiv turistdestinasjon

Av
DEL

LeserbrevKva skal til for å lokke turistar hit og få dei til å legge att pengar her i Sunndal, spør Jon Inge Rekdal på facebooksida Politikk i Sunndal. Det er Sunndal KrF opptekne av og, og var eit sentralt tema i mitt innlegg på frukosten med næringsforeininga torsdag.

For ein treng ikkje fare så langt ut i landet for å oppleve at det er eit heilt anna trykk av turistar enn det vi har i Sunndal. Det vere seg Gudvangen, Flåm og Loen i Sogn og Fjordane eller Geiranger og Stranda på Sunnmøre. Kva er det dei gjer som ikkje ein får til her? Det må vere lov å stille spørsmålet.

Sunndal KrF har programfesta tre viktige satsingsområde i grenselandet mellom turisme og næringsliv. På frukostmøtet kor eg deltok som representant for Sunndal KrF, var eg inne på nettopp desse tinga. For i den kommande kommunestyreperioden må det vere tid for å sette fart i turismen i Sunndal. Per i dag er det strengt tatt berre i Innerdalen turistane legg att pengar, og vi treng at dei brukar både lengre tid og meir pengar i Sunndal.

Så kva må til? Sunndal KrF meiner at vi må «styrke turisme og øke satsingen rundt Åmotan, Innerdalen og Aursjøveien».

Og då spør eg: Kor vart det av fyrtårnsatsinga på Aursjøvegen?

Eg køyrer mest årleg ein tur over Aursjøen med slekt og venner, men det er ikkje til å komme frå at vi i stor grad har vegen for sjølve. Det er sjeldan vi treng å legge bilen lengre ut i kanten for at motgåande trafikk skal kome seg betre fram, for det er urovekkande få bilar som køyrer den spektakulære Aursjøvegen.

Så kor vart det av profileringa av Aursjøvegen som ein like flott og spektakulær veg som Trollstigen? I møtet foreslo eg til dømes at ein kunne lage eit eksklusivt minibusstilbod over Aursjøen, gjerne i samarbeid med Torbuvollen, kor dei kan smake på Brubæks eksklusive produkt.

Ikkje minst må skiltinga av vegen bli mykje betre. Korfor er ikkje vegen skilta med eit brunt serviceskilt, slik det er til Leikvin? Desse skilta skal gjere turistar særskilt merksame på attraksjonar, og det må vere eit lokalt krav at skiltinga blir betre.

Men kva skal gjere Aursjøvegen attraktiv? Jon Inge Rekdal nemner sjølv til dømes det å ruste opp den gamle togtraseen frå Reinsvatnet til Toppheis som noko som kan trekke turistar. Aller helst skulle ein hatt ein spektakulær bane i frå Toppheis og ned, legg eg til for eiga rekning.

Sunndal KrF har og programfesta at ein skal «stimulere til utvikling av attraktive tilbud som tar i bruk den spektakulære naturen, som f.eks. zipline og via ferrata».

I møtet viste eg til profileringa av «Fossenes rike», eit arrangement i Keila våren 2018. Der løfta Øyvind Vadla fram eit slikt prosjekt med zipline og via ferrata i Virumdalen/ Nerdalen. Sidan det har det vore stilt om prosjektet – dessverre. Eg trur dette hadde løfta Sunndal som turistattraksjon mange hakk.

Men kva må til?

Jau, som Sunndal KrF har programfesta: Vi må vere pådrivarar for lokal gründerverksemd. Der har Sunndal kommune og Sunndal Næringsforening ein stor jobb å gjere, men det blir kostbart. Her bør både Hydro og Statkraft kjenne på lysta til å bidra økonomisk.

For no er det tid for å ta turistsatsinga eit hakk høgare opp. Sunndal KrF vil vere både positive og sterkt samarbeidsvillige når den tid kjem.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags