Michelet og mytene

Av
DEL

Leserbrev«Kva visste heimefronten?» er ein brannfakkel av ei bok som kom ut for nokre veker sidan, og som reiser det viktige spørsmålet om kva Heimefronten i Noreg visste under krigen om holocaust og lagnaden til jødane. Den forteljinga vi alle har høyrt og lært, er at det kom brått og uventa og som ei stor overrasking at jødane i Noreg vart arresterte og sende til Tyskland, og at det var svært lite Heimefronten kunne gjere for å hindre dette.

Eg må vedgå at eg i utgangspunktet var skeptisk til om boka til Marte Michelet representerte noko anna enn etterpåklokskap: det er lett i ettertid – når ein kjenner historia om at over halvparten av jødane i Noreg vart sende til gasskamra, å vite at meir kunne og burde vore gjort for å berge den jødiske delen av den norske befolkninga. Men saka er – som det blir godt dokumentert i boka, at jødane i mellomkrigstida av svært mange ikkje var rekna som ein del av den norske befolkninga, og at jødane sin lagnad var mindre viktig og i mange tilfelle rekna som eit heft i forhold til lagnaden til «ekte» nordmenn. Til og med i den kyrkjelege motstanden mot nazismen, var jødane og deira lagnad ei bisak som ikkje kunne prioriterast tydeleg til dømes i nasjonale parolar.

Men så veit jo vi som har interessert oss for denne delen av historia, at i Danmark var det mogleg på ein heilt annan måte å mobilisere til flukt-hjelp for jødane over til Sverige. For dei danske jødane var ein integrert del av den danske befolkninga. Og Michelet dokumenterer korleis fleire av dei sentrale Heimefrontleiarane – og også norske regjeringsmedlemmar i London – synest å ha hatt fordommar mot jødane både før og under krigen. Og like eins kan ho dokumentere korleis fleire av nøkkelpersonane – og også miljøet rundt Heimefrontmuseet – synest å ha arbeidd systematisk etter krigen for å fjerne eller pynte på historia om innsatsen sin i dette spørsmålet.

At nordmenns holdningar til den jødiske innvandra befolkninga var annleis enn overfor «ekte» nordmenn, bli etter mitt syn illustrert av den historia eg sjølv fekk greie på då eg i 2010 skreiv historia om Sara Levin på Løkken  (jf Årbok 2010 Meldal Historielag). Sara Levin berga livet sitt under krigen, ved at ho vart gøymt bort som psykisk sjuk i Selbu, frå januar 1943 til mai 1945. Og då krigen var slutt, kunne ho komme tilbake til Løkken og starte opp igjen kioskdrifta si. Men utgiftene for opphaldet i Selbu – kr 8 pr dag - måtte ho dekke av eigne midlar!  Det minner sterkt om dei historiene Marte Michelet fortel, om jødiske flyktningar til Sverige under krigen, som på ein heilt annan måte enn nordmenn elles, måtte betale for hjelpa til å berge livet.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags