Å slå saman kommunar

Av
DEL

LeserbrevJa det heiter då verkeleg å slå saman. Det er presis ordbruk.  Det kjennest som slag. Slag mot det som er framtidsretta, slag mot det som kjennest vitug, slag mot det som kjennest rett.

No har vi hatt ein runde igjen, etter at den siste var ferdig for 53 år sidan.  Då var det Skei-komiteen som kom med framlegg eller det som mange av oss kalla utskeielsen.

Tidleg i 1960-åra sto vi midt oppe i ei radikal omlegging av samfunnet. Det var maskinalderen som velta inn over oss. Skurtreskarane hadde kome. Traktorane var i ferd med å ta over det meste av trekkrafta i jordbruk og skogbruk. Bilane var frigjevne. Ungane vart bussa til skolen i staden for at dei fekk ein helsesam gåtur til og frå.

Det var då også typisk at Skei-komiteen leigde drosjer og køyrde rundt heile landet i dei. Ein som var med, har fortalt meg at slik var det. Kommunane vart planlagde frå veg og bilvindauga. Det ser vi då også på resultata. Kommunar som tidlegare var samla rundt ein fjord vart delte. Dei som var bundne av veg vart slegne saman.

Særleg demokratisk kan vi neppe tala om at prosessen var. Det kunne vera folkeavrøystingar der over 90% av ibuarane sette seg i mot. Stortinget vedtok likevel å slå saman. Omlegginga av kommunikasjonane kunne likevel seiast å vera rasjonell årsak. Det var ein viss fornuft i vedtaka.

Politikk er å skape. Det gjeld idear og rammevilkår. Samfunnet treng både prinsipp, reglar, reguleringar og visjonar. Det er eit problem at dei politiske måla attom kommunereformene ikkje kjem fram i debattane. I staden står politikaren som olme stutar og stangar kvarandre i hovuda med millionar og milliardar utan at vi som skal velje dei blir mykje klokare av den grunn.

Dei kommunale omleggingane som vi no er inne i, er det vanskeleg å finne forklaringar til. Dei er tilsynelatande ikkje borne fram av ein samfunnsmessig idé. Argumentasjonen har i hovudsak vore knytt til slagord utan reelt meiningsinnhald. Vi har lyta lyde til at statsrådar utan å konkretisere nærare har preika om robuste kommunar og velferd . Kva konkrete innhald det er tenkt på har vi ikkje fått greie på.

Å drive gjennom politiske prosessar med hjelp av slagord utan reelt innhald er i beste fall vitløyse.  I verste fall er det manipulerande og såleis djupt udemokratisk.

Når politiske vedtak blir drivne fram av slagord som ikkje gjev innhald med meining, veit vi frå før at det helst ligg noko attom som ikkje blir nemnt. Av slike bakanforliggjande motiv veit vi  i alle fall om minst eitt. Det er privatisering. Sitjande regjering ser gjerne at offentlege tenester kjem inn på privat hender.  Det er noko vi alle ser: Post, trafikkselskap,  elektrisitetsforsyning, helsetenesete, jarnbane o s b er i stigande grad A/S-ifisert.

I denne samanhengen talar vi ofte om samfunnslim.  Kva er det som held oss saman som samfunn? Vi merkar det kanskje best når vi misser noko. Når grendaskolen forsvinn blir vi mint om at vi liksom er eit vedheng. Vi er ikkje lenger sjølve samfunnet.

Er då ikkje ein viktig del det som vi er saman om, det som høyrer grend,  bygd og by, fylke og stat, til. Målføre, landskap, grannar og grend er viktige delar av kven vi er. Når offentlege vesen som televerk, postverk og sparebankvesen m m fl. blir privatisert er dei ikkje på same måten som tidlegare ein del av det som vi kallar vårt. Tenk om vi miste flagget.  Kor heimlause vart vi ikkje då?

Dei oppgåvene som kommunane har, og som gjer at dei lyt bli så store har vi ikkje fått forklaring på. Lat oss difor sjå litt kva det er vi treng:

Rotløyse er eit aukande samfunnsproblem. Kamp mot den burde ha høg prioritet. Vi som er fødde, oppvaksne og bur i små grender og kommunar slit ikkje med identitetsvanskar. Det var eit tett samfunn eg vaks opp i.  Bygda eg vart fødd inn i har enno eit fast grep om hjarterota jamvel om livet har ført meg langt bort frå oppvekstgrenda.

Ei av dei viktigaste oppgåvene som kommunane har er å gjeva kvar og einskild av oss er eit tydeleg medvitande om kven vi er, kor vi kjem frå og kven vi høyrer til. Faste grenser kring småe kommunar er av dei beste verkemidla når det gjeld å byggje opp identitet. Det er kommunal oppgåve nr 1.

I media -alderen er presset på identiteten større enn nokon gong.  Såleis ligg svaret i å gjera mottiltak. Det er å syte for at det gamle slagordet samling i bånn blir realitet. Grendeskolar som ikkje er lenger frå heimen enn at ungane kan gå til skolen fremjar både geografisk identitet, samkjensle og fysisk utvikling. Det burde ikkje vera lov å sende ungar i buss til skole.

Klimaendringane som vi står midt oppe i har rot i overforbruk av energi.  Til dei store oppgåvene i notida høyrer dette med å utvikle alternative samfunnsmodellar. Motsvaret til energisløsinga er mellom anna å halde kommunane så småe som råd. Samfunnet bør byggjast slik at vi på nytt kan gå og sykle i staden for å bile. Det minskar behovet for transport.

Kommuneadministrasjonen som vi i blant lyt vitje burde ikkje liggje lenger unna enn  at det er greitt å sykle dit.  Det sparer oss for mykje sløsing med energi. Store kommunar med fjern og anonym administrasjon høyrer ikkje heime i eit framtidsretta samfunn.

Når det er viktig at kommunane er småe, lyt vi gjera ei opprydding.  Kva er det som best høver til å vera kommunalt?  Kva høver til å vera fylkeskommunalt og kva høver til å vera statleg? Når den drøftinga er ferdig kan vi starte med på teikne kommunekarta og fylkeskarta på tytt.

Somt bør få lov til å vera stort.  Sjukehus er store institusjonar og med høgt utvikla spesialitetar. Det er då vel slikt vi har stat og fylke til å stelle med. Vi treng ikkje dette ned på kommunenivået.

Tidlegare hadde vi uttrykket distriktslækjar. Grensene for lækjartenstene fylgde ikkje kommunegrensene, men var orientert etter folketal og vilkår for å nå fram for lækjaren. Det er inga naturlov som seier at til dømes lækjarteneste, veterinærteneste og tannlækjarteneste skal følgje kommunegrensene. 

Lensmannen derimot er staten sin forlenga arm.  Slik som fylkesmannen er staten sin representant i fylket er (var) lensmannen staten sin representant i kommunen. Det er noko mykje meir enn å vera politi. Å dra lensmannen vekk frå kommunane svekkar dei på ein tydeleg måte.

Kommunane skal styrke heimkjensle, grender og grannskap, lokal identitet og stimulere utvikling av trygge menneske. Truleg burde vi difor leggje tak på kor mange som kunne bu i ein kommune før han vart delt. Er 3000 eit høveleg tal eller er det 5000? Storkommunar bør brytast ned til bygder og byar til bydelar ikkje større enn at dei kjennest som heimstad.

Då eg vaks opp, var det å bu i ein kommune der ikkje alle kjende alle sett på som noko rart. Ja det er noko rart. Vi bør sjå fram til at det blir slik.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags