Klimakrise eller klimahysteri?

Av
DEL

LeserbrevDette var tittelen på eit innlegg frå Kristin Sørheim i TK 26. juli. Ho innleiar slik: «Det skal ein god rygg til å bere fram ein bodskap om at temperaturendringane vi opplever på kloden ikkje er menneskeskapte, når så å seie all forsking viser det motsette.»

Der treff Kristin Sørheim ei viktig sanning klokkereint med hammaren på spikaren.

Slik har det nemleg vore heilt sidan Galileo Galilei (1564–1642) gjorde sine banebrytande astronomiske observasjonar. Aristoteles sitt verdsbilete med jorda som sentrum i himmelrommet vart svekka. I staden sette Galilei fram ein påstand om eit heliosentrisk verdsbilete med sola som sentrum og jorda som ein av fleire planetar i bane rundt sola. Dette vurderte kyrkja som eit trugsmål mot si makt og Galilei vart klaga og domfelt for sine vitskaplege teoriar.

Globalt vart 2009 markert som astronomisk 400-års jubileum etter at Galilei første gong observerte stjernehimmelen med teleskop.

Det er vitskapen sin natur å stille kritiske spørsmål ved vedtekne sanningar for å opne augo våre for nye alternativ – nye sjansar.

Når makta – kyrkja, pengemakta eller politiske system, blokkerer for å leite etter alternative årsaker og verknader, blir vitskapen knebla. Makta opphevar seg dermed til ein maktfaktor som tar styring over vitskapen.

Så seint som 29. juni publiserte journalist Erlend Lånke Solbu eit innlegg på NRK.no med tittelen :«Avslører store problemer i medisinsk forskning» Det er den britiske legen, forskaren og vitskapens superstjerne Ben Goldacre som avslører at det er langt på veg uråd å få publisert kritiske artiklar i dei fremste medisinske tidsskrifta.

Vi kan sjå på kva som skjedde med konflikten mellom feitt og sukker for knapt 50 år sidan. I 1972 gav vitskapsmannen John Yudkin ut boka «Pure, White and Deadly» I dei følgjande åra fekk Ancel Keys årleg 200 000 dollar for sin kampanje mot John Yudkin og at det var feitt som førte til helseproblem. Seinare fekk professor Fredric Stare bestilling frå sukkerindustrien og vitna for kongressen i 1975 om at sukkerrike frukostblandingar var like sunt som egg og bacon. Etter vitnemålet overførte Kellog Company 2 millionar dollar til dr. Stare si forsking ved Harvard.

Framleis er det eit fleirtal av norske legar som gjev medisinske råd til sine pasientar med negativ helseeffekt bassert på Ancel Keys sine falske vitskaplege påstandar.

Eg har stor respekt for vitskap, men når kapitalkreftene og politikarane tar kontroll over vitskapen blir eg skeptisk. Når krefter utafor vitskapen bestemmer kven som skal få økonomiske ressursar og sjanse til å publisere, vil det automatisk føre til at dei vitskaplege augo blir lukka for andre alternativ.

No er vi i kanskje i slutten av ein lang periode med varmt klima. Klimaet på jorda har i førhistorisk tid veksla mellom istider og varme periodar. Periodane har vara i om lag 10 000 år. Då vi tidlegare i år hadde uvanlege kuldeperiodar vart jetstraumar i atmosfæren nemnde som årsak. Kan det tenkjast at periodiske variasjonar i atmosfærisk sirkulasjon påverkar klimaet?

Frå om lag 1985 starta den magnetiske nordpolen å akselerere si årlege endring av posisjon frå 10 km til det fleirdoble. Samstundes har jorda sitt magnetfelt blitt svekka. Truleg kan det vera ein samverknad mellom magnetfeltet, magmastraumane og jordvarmen sin effekt på klimaet. Endringar i jorda sitt magnetfelt kan vel neppe vera menneskeskapt? Men derimot eliminasjon frå vitskapleg interesse?

Før den magnetiske nordpolen slår seg til ro og jorda på ny får eit stabilt og sterkt magnetfelt må truleg isbreane smelte og nye isbrear byggje seg opp på nye plassar i ei ny istid.

Den som vil kjempe mot vêret og klimaet har ein krevjande jobb å gjere. Viktigare må det vera å fokusere på berekraftig utnytting av naturressursane utan å øydeleggje jorda med rovdrift og utslepp av giftstoff til jord og vatn. Dette sjølv om politikarane må sjå at redusert fokus på karbondioksid kan gi mindre økonomisk aktivitet og redusert kontroll over «politisk godkjente» vitskaplege teoriar.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags