Dragseth og klimahysteriet

Av
DEL

LeserbrevDen flittige skribenten Erling Dragseth irriterer seg over medias dekning av «klimahysteriet» og manglende kritiske spørsmål til Miljøpartiet og Greta Tunberg. Men selv har han fått imponerende storoppslag i lokalavisa TK 17/10-19 etter å ha funne ein finsk meteorolog som har åtvara mot den alarmistiske mediedekninga av klimaendringene, men som nettopp også har understreka den dramatiske temperaturauken på kloden dei siste 4 åra. Men Dragseth hevdar at det er berre å køyre på for fullt med oljeutvinning – «for Norge er grønt nok med vår vannkraft og store skogsområder».

Slik skriv ein lokal «ekspert» som tydeligvis veit meir enn FNs klimapanel og som ikkje registrerer korkje endringene i uver og føre – eller isbreer og ørkener eller klimaflyktninger på kloden vår. Etter hans vurdering er det sjølsagt berre tull og manglende «virkelighetssans» og «økonomisk sans» å satse på føre var-prinsippet og registrerte meteorologiske data til dømes om temperaturauken i sjø og på land. Vi veit jo at det har vore folk før Erling Dragseth som insisterte eit par hundreår ekstra på at kloden var flat – eller at verdas kunnskaper og klokskap var samla i personens eige hovud.

Selv om vi er mange som synes det går altfor sent med dei nødvendige nasjonale og globale tiltaka i miljøpolitikken, er vi likevel glade for å sjå at det ikkje er «klimarealister» som Erling Dragseth som for tida fyller gatene i demonstrasjonstog rundt om på kloden med krav om meir effektiv miljøpolitikk.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags