Slå ring om folkekyrkja - stem på åpen folkekirke

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

LeserbrevDet nærmar seg val. Ikkje berre til fylkesting og kommunestyre, men også til dei kyrkjelege organa menighetsråd og bispedømeråd.

Du har kanskje ikkje tenkt å stemme ved kyrkjevalget, men det synest eg at du burde revurdere. La meg freiste å forklare kvifor.

Den norske kyrkja har ein over tusen år lang tradisjon som ein felles referanse for storparten av det norske folket. Mykje kan seiast om den rolla kyrkja har spela gjennom tidene, men ho har alltid famna vidt og vore ein instans som folk flest har forholdt seg til gjennom heile livsløpet. På sitt beste har ho evna å formidle dei kristne kjerneverdiane, vore ein stad å feire kjærleiken og nytt liv, ein stad å søke trøyst og fellesskap ved dødsfall og i krisetider. På sitt verste har ho lagt stein til byrden for vanskelegstilte grupper, og bodskapen har meir gått i retning av ekskludering enn inkludering.

I dag taper den norske kyrkja gradvis terreng. Færre deltar i gudstenestene, færre døyper borna sine der, færre står til kyrkjeleg konfirmasjon og medlemstalet er jamt synkande. Mange unge menneske opplever kyrkja som gammaldags og irrelevant. Ho står i fare for å i framtida bli redusert til ein liten klubb for spesielt religiøst interesserte. At vi får eit større mangfald på livssynsfronten, er ei naturleg følgje av at samfunnet blir meir pluralistisk. At folk i større grad tenker sjølvstendig og er kritiske til autoritetar med ferdigproduserte sanningar, er i seg sjølv ein positiv ting. Likevel er vi mange som meiner at det vil vere eit tap om vi ikkje lenger skal ha ei kyrkje som rommar eit stort spekter av folket, både dei som er sterkt religiøse og dei som har meir vage oppfatningar av å vere ein del av noko større.

Ei sak som særleg har vore skadeleg for kyrkja sitt omdømme dei seinare åra, er at ho framstår med lav takhøgd for mangfaldet i menneskenaturen. Medan resten av samfunnet for lengst har anerkjent at homofile og lesbiske har same rett til eit kjærleiksliv som alle andre, insisterer delar av kyrkja stadig på at dette er mindreverdig kjærleik. Tidlegare i år fekk vi dette demonstrert gjennom den triste saka der biskopen i Møre ville nekte å ordinere ein lesbisk prest. Debatten om kor vidt kyrkja skal innrette seg etter ekteskapslova og vie likekjønna par har pågått lenge, og frontane er relativt uforsonlege. Kvar gong saker som dette kjem opp i media, aukar straumen av utmeldingar frå kyrkja. Engasjerte og oppegåande personar som kunne ha bidratt til ei fornying av menighetslivet finn seg andre arenaer å virke på.

Det paradoksale er at det ikkje først og fremst er teologar og andre fagfolk som sørger for at kyrkja i ein del samanhengar framstår som ein konservativ bastion. I presteforeninga er det t.d. fleirtal for at kyrkja skal vie likekjønna par, mellom biskopane er det like mange som støttar denne reforma som dei som er i mot. Det er lekfolket sine representantar i bispedømmeråda og på kyrkjemøtet som sikrar fleirtal for å halde fram i gamle spor. Og desse representantane er det altså medlemmane i kyrkja som har valgt, eller rettare sagt: dei er valde av det vesle mindretalet på 12-13% som faktisk brukte stemmeretten sist det var kyrkjevalg.

Eigentleg er det ikkje så mykje å seie på den dårlege valdeltakinga den gongen. Det førre kyrkjevalget var uoversiktleg. Folk hadde berre ei liste å stemme på, og måtte sjølve prøve å finne ut kva slags kyrkjesyn dei ulike kandidatane på lista hadde. Følgeleg blei det eit val av og for innsidarane i kyrkja. I år er situasjonen annerleis. Vi som ønsker oss ei meir liberal og inkluderande kyrkje har danna organisasjonen Open Folkekyrkje, og stiller eigne lister til valet i 9 av dei 11 bispedømma, deriblant Møre. Kandidatane på listene vår representerer stor variasjon i alder og bakgrunn. Mange av oss kjenner oss nok plassert litt i utkanten av dagens kyrkje, men alle vil gjerne vere med på å forme den vidare etter dei ideala som vi trur på.

Vår fremste kampsak er at homofile og lesbiske par skal få gifte seg i kyrkja. Meir om kva vi står for finn du på nettsidene våre apenfolkekirke.org. Der finn du også link til presentasjon av dei enkelte kandidatane på lista vår. Kyrkjevalet skjer samstundes og i same lokale som dei politiske lokalvala. Alle som er medlemmer av den Norske kyrkja, og som er minst 15 år gamle har stemmerett. Dersom du ønsker å bevare kyrkja som eit tilbod til eit bredt spekter av folket, skal du bruke stemmeretten din til å støtte Åpen Folkekirke ved valet til bispedømmerådet i Møre.

Godt val!

Sverre Steinnes

Kanidat for pen Folkekirke ved valget på Møre bispedømmeråd

Følg på: Facebook

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags