Meir mat frå utmark

Av
DEL

LeserbrevBerre knapt 5 prosent av Møre og Romsdal er jordbruksareal. Det meste av fylket er utmark. Her ligg det store areal som kan brukast i matproduksjon. Dette er areal som produserer år etter år utan tilførsel av gjødsel eller sprøytemiddel, men haustinga kan berre gjerast av beitedyr.

Tal frå prosjektet «Arealrekneskap i utmark» ved Norsk institutt for bioøkonomi, viser at vel 6 millionar dekar eller 44 prosent av landarealet i Møre Romsdal kan nyttast som beite for husdyr. Det vil seie at det frå desse areala kan haustast fôr som gjev tilvekst hos beitedyr.

Innafor fylket er det variasjon i beitekvalitet. Dette har i første rekkje saman­heng med berggrunn, lausmassar, topografi og klimatiske tilhøve. Møre Romsdal er dominert av næringsfattige bergartar. Lett vitterlege, næringsrike bergartar forekjem i første rekkje i kommunane Surnadal, Rindal og øvre deler av Sunndal. Uavhengig av berggrunnen finst det gode beiteareal på finkorna skredjord under bratte fjell i dalar og fjordstrøk.

Store nedbørmengder i form av snø gjer delar av fjellbeita seint tilgjengelege. Langvarig snødekke i fjellet gjev store areal av snøleie med nygroe utover seinsommar og haust. Der terrenget er lageleg slik at dyra kan trekkje opp i høgda med snøsmeltinga vil dette gje høg kvalitet på beiteplantene gjennom mykje av beitesesongen. Sesongen kan bli lang der trekket kan foregå heilt frå fjordnivå. I midtre strok vil delar av snøleia få redusert beiteverdi på grunn av høg dekning av det dårlege beitegraset finnskjegg. Låglandsområde i ytre og midtre delar av fylket med høg dekning av røsslyngheier og fuktheier, vil jamt over ha lågare beitekvalitet.

Utmarka er viktig for landbruket i Møre Romsdal. Denne«"gratisressurse»" er eit vilkår for lønsemd i sauehaldet. Storfehaldarar ser no også meir mot utmark som del av fôrgrunnlaget for spesialisert kjøtproduksjon på ammeku. 16 000 storfe, 123 000 sauer, 7300 geit og 900 hestar gjekk meir enn 5 veker på utmarksbeite i fylket i 2018. 37 % av driftseiningane hadde sau i utmark og 25 % storfe. Sauen i Møre Romsdal beitar godt spreidd over mykje av fylket. Størst sauetal hadde Rauma kommune med 11 000. Smøla, Surnadal, Nesset, Stranda og Fræna låg frå 8000 til 6000 sau.

Dersom ein brukar sau som måleeining, viser berekning av fôrproduksjonen i utmark i Møre Romsdal at fylket kan ha plass til 378 000 sauer. Ut frå fôruttaket i 2018 kan dyretalet i alle fall aukast med kring 60 prosent. Det er heilt sikkert plass til mange fleire dyr, men da må ein kanskje vente nedgang i tilvekst da dyra må ete meir av planter med lågare fôrverdi.

Den viktigaste bodskapen med denne undersøkinga er at det er store ledige ressursar for utmarksbeiting i Møre Romsdal, men utmarksbeitet er ikkje ein uendeleg ressurs. Ved planlegging av beitebruk og omdisponering av areal til andre formål som til dømes hyttebygging, må det takast omsyn til dette.

Beiting påverkar vegetasjonen gjennom avbiting, trakk og gjødsling. Det er i første rekkje grasartar som blir fremma av slik påverknad. Ved lågt beitetrykk skjer det endringar i markvegetasjonen. På beste marka kjem høgvaksne urter og bregner inn og skuggar ut graset, på fattigare mark kjem det lyngartar og dvergbjørk. For lite beitedyr er oftast situasjonen i Møre Romsdal no. Beitekvaliteten som generasjonar med beitebruk og utmarksslått har skapt blir difor sakte redusert på store areal. Utmark må brukast skal beitekvaliteten takast vare på!    

I Møre Romsdal er 20 % av fylket potensiell attgroingsmark, det vil seie fastmark utan tresetting under den klimatiske skoggrensa. Dei ytre kystkommunane på søre Sunnmøre har størst attgroingsareal i prosent av kommunearealet. For Ulstein, Sande og Vanylven er høvesvis 53, 52 og 51 % av kommunearealet potensiell attgroingsmark. Dei fleste stader er beitetrykk og anna utmarkshausting i dag på eit for lågt nivå til å hindre at denne utviklinga går sin gang. Attgroing vil redusere verdien av areala både med omsyn til beite, biologisk mangfald og landskapsoppleving.

Dagens regjering står bak målet om å auke den norske matproduksjonen i takt med befolkningsauken. Skal denne produksjonsauken skje med basis i norske ressursar må utmarka brukast. Det medfører eit særleg ansvar for dei bygdene som har dei beste ressursane. Ei rik utmark gjev mulegheiter til næringsutvikling. Trendar hos norske forbrukarar tyder på at det kan vera muleg å ta ut ein meirverdi for produkt produsert i rein og vakker natur, med høg dyrevelferd. Ikkje minst er kortreist mat med lokalt serpreg viktig i utvikling av lokalt reiseliv. Kjøt frå utmark står fram som eit eksotisk produkt etter kvart som jordbruket vårt blir meir og meir industrialisert.

Men vi kan ikkje berre produsere kjøt frå utmark, vi må eta det også. I dag et vi mest «mjøldyr», gris og kylling, som har lite med det lokale ressursgrunnlaget å gjera. Grasfôra dyr utgjer lite av kjøtforbruket, men mange meiner dette er sunnaste kjøtet. Å redusere kjøtinntaket er truleg godt for helsa for dei fleste av oss, men vi må diskutere kva kjøt vi skal eta ut frå sjølvberging, klimaavtrykk og folkehelse.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags