Ingen er vel rasist, men...

Lise M. Brøske

Lise M. Brøske Foto:

Av
DEL

Leserbrev46 år gamle George Floyd døyde som følgje av ein svært brutal arrestasjon i USA 25. mai 2020. Den rystande filmen frå publikum har spreidd seg verda rundt, og no seier vi i frå. Dette er heilt forferdeleg.

Eg trur godt om meg sjølv. Eg er ikkje forutinntatt, eg er open for andre kulturar, og eg er veldig respektfull. Eg ser ikkje folk for utsjånad. Kjølvatnet av opprøret har gjeve oss meir innsikt. Er eg verkeleg så utruleg god? Nei, sannsynlegvis ikkje.

NRK P3-personlegheita Tete Lidbom har eg høyrt på programmet til fast i over 5 år. Far hans kjem frå Ghana, og eg har alltid tenkt at han minner meg om ein ung Pharrell Williams. Verdens kulaste fyr. Han har ofte i sin podcast fortalt på ein humoristisk måte om sine arbeids- og fritidsreiser der han stadig blir stoppa i ein eller anna flyplasskontroll, men kollegaer eller vener med kvit hudfarge går rett igjennom og må vente på han. Eg humrar med. Kva ler eg eigentleg av? Tete Lidbom sin gode forteljarmåte? Kor håplause eg synes vektarar på flyplassane er som stopper folk som ser annleis ut enn meg? Kva i alle dagar humrar eg av? For dette er jo ikkje greitt.

Myndighetenes hjelpeløshet og demonstranter i en pandemitid

Dette er ikkje for å moralisere, men for å mobilisere. Eg er ikkje så utruleg god. Eg har nok hatt dårleg humor og, i påskot av at Noreg ikkje er eit rasistisk land. Og du er sannsynlegvis ikkje så god du heller. Eg høyrer framleis menneske eg ser på som ekstremt oppegåande anvende «n-ordet» i påskot av at det ikkje er vondt meint, berre meint som ei beskrivelse! Men ein omtalar vel ikkje ein person som bruker ein annan størrelse enn medium som «han som er slik og slik» - eller ein person med rynker som «ho skrukkete»? Eg trur vi alle må lære oss å omtale menneske utan å måtte fokusere på utsjånad.
Kva gjer vi folkens? Vi må innsjå at Lise (31) med kvit, nesten rosa, hudfarge, ikkje er den som kan definere kva som er rasistisk og ikkje. Det er ikkje eg som kjenner om dette eksisterer eller ikkje. Vi må gå i oss sjølve når vi mottek jobbsøknadar. Når vi ser på Facebook-feeden vår. Når vi høyrer nokon seier ein humoristisk kommentar utan at vi bryt inn. Vi må kjøpe leiker og litteratur til barna våre der alle utsjånader er normaliserte. Vi vaksne kan gjerne og lese oss opp litt. Sjekk topplista og kjøp bøkene av Guro Sibeko, Sumaya Jirde Ali og Ijeoma Oluo, det skal eg gjere.

Eit siste hjartesukk: Kan vi ikkje la være å sette Covid-19 opp i mot denne saka grunna smittefare under demonstrasjonen i Oslo? Sakene konkurrerer ikkje med kvarandre. Sjølv om ein framleis må vere svært varsam med smitte, og i samfunnsengasjement, så kan ikkje det ta merksemda frå at mange nordmenn blir behandla annleis av myndigheiter, på bussen og i samfunnet grunna korleis ein ser ut. VI må gå i oss sjølve.

La denne hendinga vere ei oppvakning for oss alle. Vi er alle forutinntatt, og dette må vi må jobbe med.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags