Høgre utan realitetsorientering i rovdyrdebatten

vi må følgje rovviltforliket og skyte fleire rovdyr i Møre og Romsdal, skriv Dordi Boksasp Lerum. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

vi må følgje rovviltforliket og skyte fleire rovdyr i Møre og Romsdal, skriv Dordi Boksasp Lerum. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix Foto:

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Falk Øveraas frå Høgre skriv i eit innlegg i Tidens Krav at Senterpartiet spreier populisme. Veit Øveraas eigentleg kva populisme er? Dersom det er populisme å meine at vi må følgje opp vedtak frå Stortinget, so må du gjerne kalle meg populist.

Om vi skal følgje rovviltforliket, som ogso Høgre var med på å vedta, er vi nøydd til å skyte fleire rovdyr. Men Øveraas og Høgre har kanskje gløymt dette? Det verkar iallfall slik.

Fakta i dag er at vi i Møre og Romsdal ligg langt over bestandsmålet som Stortinget satt i rovviltforliket i 2011. Vi har høvevis 53% meir gaupe og heile 73% jerv samanlikna med det vi eigentleg skal ha. Dette er oppsiktsvekkjande tal, og det å sei at fylket er proppa fullt av rovdyr blir då ei korrekt skildring av verkelegheita. Ikkje ei førestilling om at situasjonen er verre enn den faktisk er.

For verkelegheita i Møre og Romsdal er at norske arbeidsplassar og bønder er truga fordi ein ikkje klarar å følgje opp rovdyrforliket. År etter år finn bønder dyra sine brutalt og forsvarslaust drepne i fjella. Og år etter år blir ikkje det ikkje gjort nok for å ta ut nok rovdyr. Høgre tek som vanleg ikkje bøndene på alvor når næringa skildrar kor gale det faktisk er.

Eg kjem sjølv frå gard og veit godt korleis det er å finne dyra mine drepne av rovdyr. Det er hjarteskjærande å måtte gå i fjella og samle kadaver, særleg når ein veit at dette skuldast at ein ikkje klarar å skyte nok rovdyr. Meiner Høgre at drepne sauer er god dyrevelferd?

I innlegget til Øveraas tillegg han meg og Senterungdomen meiningar vi ikkje har. Når eg skriv at «Fleire av desse «dyrevernarane» sit gjerne på kafear i Oslo sentrum og et importert mat medan dei likar facebookpostar med glorifiserte bodskap om rovdyr», so er dette berre eit bilete på at mange som ytrar seg i rovdyrdebatten manglar bakkekontakt og er lite realitetsorieterte. Sjølvsagt veit eg at dette ikkje gjeld alle kafégangarar.

Elles noterer eg meg at Øveraas ynskjer å finne ei «moderat» løysing på rovdyrproblematikken. Senterungdomen har hatt løysinga klar lenge: vi må følgje rovviltforliket og skyte fleire rovdyr i Møre og Romsdal!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken