Skrot helseføretaksmodellen og vinn god eldreomsorg

Av
DEL

LeserbrevKjære helsepolitikarar og helseminister Høie,

Tida er meir enn overmoden for å setja seg ned, tenkja seg om og rista av seg den blinde trua på helseføretaksmodellen, Magnussenmodellen og NPM. Dykk er vel fullt ut klar over at Dykk – med rigide Høgre og Ap i førarsetet – får spesialist og primærhelsetenesta til å forvitra og det temmeleg raskt. Shame on you all som stillteiande er med og let dette skje.

Underteikna ser lækjar-, sjukepleiar-, bioingeniør-, radiograf- og fysioterapikollegaer som spring føttene av seg kvar einaste dag pga. Dykkar styringsform eller mangel på ei god sådan. Underteikna ser reingjeringspersonale som får utdelt mindre og mindre tid til å gjera arbeidet sitt og dette kan ha store konsekvensar for hygiene og smittevern. Og ikkje minst så ser underteikna pasientar som kunne ha fått enda betre oppfølgjing om der hadde vore minimalt med byråkrati, der hadde vore desentralisert tankegang, mindre rapporterings- og skjemavelde og meir pengar både til spesialist- og primærhelsetenesta. Pr i dag er der mykje re-innleggingar og brannslokningsarbeid pga. helseføretaksmodellen, manglande fullgod finaniseringsmodell og den elendige NPM tankegangen.

Framføre kvart valg vert det prata så fint om eldre, eldreomsorg, det å demme opp for eldreeinsemd og å hindre at eldre tek sjølvmord eller døyr av einsemd. Difor er det særs merkeleg at sentrale helsepolitikarar ikkje ser eller rettare sagt ikkje vil sjå at helseføretaksmodellen og NPM er ein uheldig lapskaus som gjer at vi som pasientbehandlarar får altfor lite tid til pasientane våre og med det ikkje får SETT kvar einskild pasient på beste måte. Og med dårleg styringsmodell, mager finanisiering og nedskjeringar på golvplan der pasientbehandlinga skjer så fungerer samhandlingsreformen mest slik at sjukehusa forsøkjer å senda pasientane fortast mogleg attende til kommunane og vice versa. Dette er særs uheldig for dei mest sårbare i samfunnet vårt, dei eldre.

Helsepolitikarar sentralt med helseministeren i spissen, TA GREP! Ingen skam å snu. Kast alt som heiter valflesk tilsides. Lat oss saman, politikarar og pasientbehandlarar/fagfolk gjera alt vi kan for å SJÅ OG HJELPE VÅRE ELDRE. Det er på høg tid! Og hugs dette: vi rykker alle framover i køen!

Eg gler meg med Dykkar hjelp til å ta fatt! Gjer Dykk?

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags