Neimen Høie, da!

Av
DEL

LeserbrevViser til innlegget frå Høgre sin nestleiar og helseminister Høie.

Eg vert særs skuffa over at min øvste sjef i helsevesenet gjev seg til å akkedere med den flinke Bunadsgeriljaen rundt temaet kven det er av politikarar som har lagt ned mest og minst av fødeavdelingar.

Dette ser eg på som rein surmuling, forsøk på hersketeknikk og dårleg valkampstrategi.

Poenget må heller vera fokus på å ikkje leggja ned noko meir, stoppe sentralisering og sjølvsagt skrote helseføretaka. Det er alltid lurt å lytte til grasrota og ikkje berre støtte seg på eit tjukt lag av overbetalte helsebyråkratar.

Fy, Høie!

Stor takk til Bunadsgeriljaen!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags