Krylovs elefant aka helseføretaksmodellen

Av
DEL

Leserbrev27. mars 2019 og styremøte i HMR. Ingen store overraskingar der i garden. Eit tafatt styre la glatt ned fødetilbodet ved sjukehuset i Kr Sund N til fordel for Molde og Høgre sitt luftslott SNR (og iflg helseministeren så er dette ikkje i strid med tidlegare stortingsvedtak???), ein utsette på seigpinande måte nedleggjinga av Mork rehab og Aure rehab til styremøtet i mai, ein la ned DPS på Sjøholt, ein valde å outsource all vask ved sjukehusa i Kr sund N og Molde for å få momskompensasjon, ja og så starta ein å prate høgt om funksjonsfordelingane i HMR. Dette siste vert eit bikkjeslagsmål der Kr sund N og Volda kjem til å få lide - som vanleg - pga at Ålesund og Molde vil prøve å rake til seg mest mogleg. Fagavdelinga og leiinga sit i Ålesund og drøymer vel om at Ålesund skal verte universitetssjukehus?

Alle gløymer at det ikkje er storleiken på eininga (les: sjukehuset) som er avgjerande men dei tilsette sin kunnskap og evne til samarbeid til det beste for pasientane. For ikkje å gløyme nærleiken til pasientane (jmfr "Den Gylne Timen").

I 1814 fekk Noreg si grunnlov. Same året skreiv russiske Ivan A Krylov ein fabel der elefanten i rommet dukka opp. Helseføretaksmodellen og Helse-Midt sitt misbruk av Magnussenmodellen kan trygt seiast å vera elefanten i rommet.

No har ALLE politikarar i Møre og Romsdal samt diverse regjerings- og stortingspolitikarar skrike høgt og om kapp for å redde helsevesenet i M&R og samhaldet i fylket slik at ikkje Nordmøre forsvinn til Trøndelag. Om ikkje noko vert gjort så er spesialisthelsetenesta sett mange år attende i tid og primærhelsetenesta vert lidande.

Genuin politisk kampvilje er det einaste som skal til for å SKROTE HELSEFØRETAKA og ta magnussenmodellen med seg i dragsuget.

Kven av dykk torer å skrote helseføretaka? Regjeringspartia har ei gyllen moglegheit. Opposisjonspartia v/ Ap har like stor sjanse til å visa seg truverdige. Helseministeren har før teke til orde for å fjerne helseføretaka. Kven torer å nevne Krylov sin elefant? Er helseføretaksmodellen heilag?

Er dykk yrkespolitikarane truverdige eller er dykk best på valgflesk?

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags