Vi aksepterer ikkje kutt i alderspensjonen for uføre!

Av
DEL

LeserbrevLevealdersjusteringa i folketrygda har som konsekvens at arbeidstakarane må arbeide stadig lengre for å oppnå same nivå på alderspensjonen samanlikna med dei som er eldre ordning.

Uførepensjonistar vert alderspensjonistar automatisk ved fylte 67 år og har derfor ikkje høve til å kompensere for levealdersjusteringa. For å kompensere for dette har dei uføre fått utbetalt eit skjermingstillegg for å bøte på noko av dette tapet.

No vil regjeringa fjerne dette tillegget. I følgje Arbeids- og sosialdepartementet sine berekningar, vil uføre som følgje av dette tillegget få meir utbetalt i alderspensjon enn dei som av andre årsaker går av tidleg i 60-åra.

Utdanningsforbundet Møre og Romsdal åtvarar sterkt mot at skjermingstillegget vert fjerna. Regjeringa set med dette framlegget to utsette grupper opp mot kvarandre, dei som er uføre og dei som må gå av med alderspensjon tidleg.

Svært mange av våre medlemmer er, eller kjem til å hamne i ei av dei to gruppene. Utdanningsforbundet Møre og Romsdal vil berre påpeike at å bli uføretrygda ikkje er eit val nokon tek personleg, men ei løysing ein vert tvungen til av medisinske eller andre helsemessige årsaker. Høve til ein anstendig tidlegpensjon er allereie fjerna etter pensjonsreforma og avtalen om ny offentleg tenestepensjon. Regjeringa sitt forslag vil ramme våre medlemmer hardt økonomisk. Det vil vi ikkje akseptere!

Vi vil oppfordre regjeringa om å legge vekk forslaget! I staden vil vi applaudere eit initiativ der staten går føre for å få på plass ei tidlegpensjonsordning i offentleg sektor som gir reelle moglegheiter til eit anstendig tilvære som pensjonist.

Våre medlemmer er velferdsstaten sine frontsoldatar og dei fortener langt betre!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags