Den hippokratiske eiden

Av
DEL

LeserbrevI SMS-spalta fredag 1. februar blir det uttrykt ønske om at eg i innlegget 28. jan. burde ha nemnd opphevinga av Hippokrates sin legeeid: «Din mat skal være din medisin og din medisin skal være din mat».

Norges miljø- og biovitskapelege universitet på Ås har undersøkt giftinnhaldet i meitemark frå kloakkslam og fann at giftinnhaldet var 1000 gonger høgare enn i meitemark frå vanleg jord. Det skulle gi ein god indikasjon på at varelageret frå apotek, parfymeri og reinhaldsprodukt er lite veleigna til å gi oss celler i kroppen med funksjonelle cellemembranar og effektiv energiproduksjon.

Høge nivå av alle B-vitamina, C-vitamin og dei feittløyselege vitamina A, D, E og K saman med lange fleirumetta omega-3 feittsyrer og kolesterol trengst for god hjernehelse. Dessutan mineral som fosfat, magnesium, iod og selen med fleire, pluss antioksidantar frå friske planter.

Dette er ressursar som også må vera på plass for å gjera cellene i stand til den energiproduksjonen dei treng for å gi oss friske organ i kroppen vår.

Ingen medikament frå apoteka sine varelager stimulerer vårt mikrobielle økosystem i fordøyinga vår til det næringsopptaket cellene treng for effektiv energiproduksjon.

Hippokrates sine ord er difor like gyldige i dag som for 2400 år sidan. Hippokrates sin legeeid var eit uttrykk for god legeetikk. Legar som i dagens norske helsestell skifter fokus frå medikamentell behandling til fokus på kosthald og tarmhelse i Hippokrates si ånd, står faktisk i fare for å misse legelisensen sin. Slik har pengemakta blitt ein medisinsk diktator.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags