Du er min øvste sjef, Høie. Gje meg grunn til å respektera deg!

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Kjære helseminister Høie!

Helseforetaka er ikkje vanlege bedrifter og kundane er ikkje vanlege kundar. Helseforetaka inneheld sjukehus og rehab sentra, og kundane er pasientar slik som både du og eg kan kome til å verte. Og dette veit du godt, så kvifor ikkje handle deretter?

Hugsar du helseminister Høie da du tok til orde for å skrote helseforetaka? Kvifor snudde du om? Kan du og vegleiarane (les: villeiarane) dine snu om enda ein gong, for pasientane si skuld? Eller er det slikt at du og Høgre køyrer stivbeint framover utan omsyn til folk ute i distrikta?

Er avbyråkratiseringsreformen din effektiv? Korleis verkar den? Ser at der er millionar på millionar som vert brukt til dette, pengar som kunne ha gjeve sjukehusa sårt tiltrengte pleiestillingar, nytt medisinsk utstyr, betre kvalitet på utstyr, ja der hadde til og med vorte pengar til overs slik at pasientar, pårørande og tilsette hadde fått att kiosktilbodet ved sjukehuset i Volda, det einaste sjukehuset i M&R som ikkje har eit slikt tilbod.

Avbyråkratiseringsreform, ja! Eg opplever berre at der vert fleire og fleire leiarstillingar (les: adm- og byråkratistillingar) og ikkje mindre.

Om styret i HMR, etter påtrykk frå Helse Midt og deg, no snart vedtek dei varsla kutta og du som helseminister ikkje grip inn så er du i realiteten den skuldige om noko gale skjer. Skal eg enno ein gong minne deg om "den gylne timen"? Har du nokon gong opplevd å sjå dei lykkelege smila til dei som har opplevd å få livet på nytt da sjukehuset var nær når det stod om liv? Eller slagpasienten, den trafikkskadde, den med psykiske utfordringar eller ein autoimmunsjukdom som får god fagleg hjelp i naturskjøne område av M&R?

Eg skulle ynskje at du som helseminister tok deg tid til å følgje ein pleiar eller ein overarbeida overlækjar på eit sjukehus ein heil arbeidsdag. Ikkje på eit stort sjukehus i Oslogryta, men td. her i Volda. Dette kan eg lett ordne for deg, helseminister Høie.

Sentralisering og helseforetaksmodellen er den farlegaste medisinen for oss som bur utanom dei store byane i Noreg, og det er altså ute i distrikta dei fleste av oss bur.

Tør eg vone at du snart tek til fornuft, helseminister Høie? Det er altså berre å skrote desse helseforetaka, veit du!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken