Rydd opp, Høie!

Av
DEL

LeserbrevTil helseminister og nestleiar i Høgre, Bent Høie,

Er du lydhøyr? No må det verte slutt på raseringa av Møre og Romsdal! Det må verte slutt på å stadig fyre oppunder fogderistridane i M & R! Du må gå inn og ta styringa og ikkje late Helse-Midt gjera snaut kva dei vil!

Rydd opp helseminister! Det er det som er arbeidsoppgåva di. Det er du som er ansvarleg. Du fekk tilliten. Du misbrukar tilliten. Du er i ferd med å miste siste resten av tilliten som vart gjeve deg. No er strikken tøygd for langt.

No er det nok, meir enn nok!

Kvifor sit helseministeren stillteiande og ser på at Helse-Midt leiinga saman med konstituert direktør i HMR (frå Trøndelag) i fred og ro øydelegg det som har vore fire gode sjukehus i M & R?

Kristiansund er så og seia nedlagd. Shame on you once! Ålesund og Volda vert stemoderleg behandla. Shame on you twice! Alt dette for at prestisjeprosjektet SNR utanfor Molde sentrum skal byggjast, koste kva det koste vil. Shame on you three times!

Spør ein innbyggjarane i M & R vil svaret vera eit JA TAKK TIL FIRE – 4 – SJUKEHUS. Spør ein fagpersonale på golvplan så er òg svaret ja takk til fire sjukehus. Alt anna er distriksfiendtleg, klar sentralisering og butikktankegang i rein NPM-stil.

Primo oktober sa stortingsrepresentant Agdestein frå Høgre at ein bør leggja ned dei regionale helseføretaka. Avtroppande Ap ordførar i Volda sa etter siste styremøte i HMR at helseføretaksmodellen er noko av det dummaste som Ap har innført. Senterpartiet har lenge teke til orde for å skrote helseføretaksmodellen saman med mange andre parti og politikarar både lokalt og sentralt. Frp har i sitt prinsipprogram for 2017–21 at dei regionale helseføretaka skal avskaffast og no medio oktober seier Møre og Romsdal Frp sin Frank Sve at det er sjukehuskrise og uaktuelt å rasera helsetenesta i fylket vårt for at SNR skal byggjast.

Noverande helseminister lova før han vart sitjande i regjering at helseføretaksmodellen måtte leggjast tilside saman med det mykje omtala «glavalaget».

Finansieringsmodellen vert tolka ulikt frå den eine regionen til den andre. Helse-Midt tolkar den til fordel for Trøndelag og St Olavs. Dette veit alle, men pr no er der særs få her i landet vårt som er si politiske oppgåve vaksen. Tida går. Pasientane og potensielle pasientar får svi. Fagpersonale med direkte behandlingsansvar får mindre og mindre tid til ekte pasientarbeid og er mest som rapporteringsbikkjer å rekna for eit stadig utesande og overbetalt helsebyråkrati som lever sit eige utopiske liv.

Helse er det som toppar kva folk flest er opptekne av både framføre og etter val. Tryggleik i kvardagen for gamal og ung er alfa og omega 365 dagar i året. Tryggleik gjev vekst i engasjement, innsatsvilje, ja bløming på alle felt. Ytre tryggleik gjev indre tryggleik, eit rikt personleg liv og eit eit særs godt samfunn for oss alle.

Sig røynda og informasjonen inn, helseminister? Har du forstått det? Vis deg anvarleg, skrot helseføretaksmodellen og alle stormannsgalskapsprosjekta rundt om i Noreg eller tre av! Vi veit alle at pengar til finansiering av noverande sjukehus finst. Det har til no berre mangla på vilje!

Skal vi alle måtte blø pga SNR?

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags