Exit, Helse Midt Norge!

Av
DEL

LeserbrevDet er absolutt ingen grunn for FrP her i fylket, å støtte opp om fortsatt regjeringsdeltakelse, med ein statsråd frå Høgre, som fortsatt stikk haudet i sanden ang sjukehussituasjonen her i fylket.

Er det rart at Høgre her i fylket er pikkandes stille ang sjukehussituasjonen? Kven styrer Høgre i Møre og Romsdal? Vanskeleg spørsmål, nei langt ifrå!

Ein skal leite lenge både sør og nord i fylket for å finne lojalitet og støtte til eit Helse midt Norge som rett og slett er iferd med å rive Møre og Romsdal i fillebitar.

Når vi no ser kuttliste til Kvernmo, forstår dei fleste at dette klart og tydeleg er krise for våre sjukehustjenester i heile fylket, og overhode ikkje er bærekraftig.

Vi opplever at dette som skjer no med kutt av dagens drift i våre sjukehus med 85 million kr, er kutt i ein driftssituasjonen som frå før er sterkt pressa.

Med 1,9 milliard kr i utviklingsbehov for Ålesund sjukehus, der Kvernmo klarar å leite fram «lommerusk» med nokre hundre mill kr dei neste tiåra, fører i realiteten til at Helse Midt Norge er EXIT!

EXIT fordi Helse Midt Norge med Helseminister Høie si velsignelse, set der med enorme summar på bok, og ei aldeles greinalaus skeivfordeling av midlane internt i helseregionen.

EXIT fordi tilliten til Helseforetak er så hinsides på minussida her i vårt fylket, med bakgrunn i kaoset som har pågått ang økonomi, og mangel på dette i så lang tid.

EXIT fordi Statsrådar i ulike regjeringar og som dessverre vert vidareført no, rett og slett har mangla handlekraft til å gjennomføre eigen politikk som faktisk er å leggje ned desse aldeles greinalause helseføretaka.

EXIT fordi alle som forstår eit snev av politikk, forstår at ein ikkje kan bygge eit nytt sjukehus på Hjelset i Molde til 4-5 milliard kr, samtidig som sjukehusa og drifta av desse blir nedbygd og radbrekt i resten av fylket»

EXIT blir det også for Statsråd Høie og vår regjering, dersom det no ikkje blir rydda opp, og sørga for ein forsvarleg økonomi i Helse Møre og Romsdal.

EXIT blir det no for Helse Midt Norge, fordi heile Sunnmøre ikkje kan sete og berre sjå på at sjukehusa i Ålesund og Volda blir nedbygd, Sunnmøre går derfor garantert då til Vestlandet.

EXIT fordi ein ikkje finn ein Nordmøring som finn seg i det som skjer, og spetakkelet mot Molde kjem neppe til å roe seg ned. Risikoen er derfor betydeleg for at Nordmøre går til Trøndelag.

EXIT fordi Molderegionen overhode ikkje har magemål, nytt sjukehus skal vi bygge, men vi har eit kjent ordtak som heiter «mykje vil ha meir!

Rausheit overfor resten av fylket i fordeling av statlige og fylkeskommunale arbeidsplassar, vert heilt nødvendig i framtida.

Helse Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylke som eigen region, overlever overhode ikkje ved å gjennomføre Kvernmo sine kutt og radbrekking av sjukehustjenestene til befolkninga her i fylket.

Møre og Romsdal FrP krev Statsråd Høie på banen, no nyttar det ikkje lenger å oppføre seg som strutsen og stikke haudet i sanden.

Handling må til, og det må vere noko anna enn den radbrekkinga av sjukehusa her i fylket som vi dessverre er vitner til no.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags