Nytt distriktsfiendtleg ekspertforslag

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Senterpartiet meiner at havbruksnæringa ikkje er eigna for ein kraftig grunnrenteskatt.

Grunnrenteskatt er ein skatt ein kan legge på næring med særleg høg verdiskaping, som ikkje kan flyttast ut av landet og som utnyttar fellesskapet sine naturressursar. I motsetning til olje og vasskraft, som i dag har grunnrenteskatt, kan oppdrettsnæringa flyttast ut av landet.
Senterpartiet vil vidareføre havbruksfondet, der konsesjonsavgift blir innbetalt og det meste fordelt lokalt. I tillegg vil Senterpartiet ha ei avgrensa produksjons- eller arealavgift som går til kommunane som stiller areal til disposisjon.
Dette er det andre forslaget på kort tid som kjem med forslag om å dra ressursar frå distrikta og distriktskommunane inn til statskassa. Senterpartiet vil ha ei mangfaldig oppdrettsnæring langs heile kysten, og vil at den skal bidra med verdiskaping og arbeidsplassar der. Da må det bli attraktivt for kommunane å leggje til rette for det. Arealavgift/produksjonsavgift er eit opplagt verkemiddel. Grunnrenteskatt fører til det motsette.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken