Tilsetting av skulefagleg ansvarleg i Halsa

Av
DEL

LeserbrevHalsa kommune har motteke Sivilombudsmannen si vurdering knytt til klage på tilsetting av skulefagleg ansvarleg hausten 2017, og tek sjølvsagt denne til følge.

Likevel ein kort bakgrunn for saka, som forklarer litt av kommunen sin framgangsmåte. Gjennom personellmessige og organisatoriske endringer i 2017 fikk kommuneleiinga ei utfordring ved at funksjonen som skulefagleg ansvarleg ikkje lenger kunne tilleggast tilsette i sentral administrasjon eller stab under rådmannen. Opplæringslova stiller nemleg krav om at skulefagleg ansvarleg skal ligge over skulenivået/ skuleleiinga.

I lys av denne situasjonen vart det derfor leita etter løysingar, også i høve samordning av tilsette og organisasjoner på vegen mot ny kommune, som da var i full gang. Kommuneleiinga hadde på tidspunktet for tilsetting utfordringer i lærings – og skulemiljøet i kommunen, som gjorde at tidsfaktoren var viktig, og at den valgte løysinga (tilsettinga) gjorde det mulig å starte arbeidet for å bedre situasjonen raskt. Erfaringa i ettertid er også at vi har fått tilført svært kompetent faglig bidrag gjennom den personen som er tilsett.

Den løysinga som no er etablert var i utgangspunktet ikkje tenkt som ei stilling/tilsetjing, men vidareført som funksjon lagt til administrativ leiing eller stab. Ei stilling på 20% vart valgt som løysing, i overenskomst med Hemne kommune som hovudarbeidsgjevar for den det gjeld. Halsa kommune ser no i ettertid at dette etter Sivilombudsmannen si vurdering bryt arbeidsmiljølova.

For kommunen er det derfor rett å beklage feilen som er gjort ved tilsettinga slik Sivilombudsmannen påpeiker, over for dei som kunne og/eller ville søkje som skulefagleg rådgjevar i 20% stilling, medrekna Marita Swensen Vaagland som på det aktuelle tidspunktet var rektor i full stilling på skulen vår.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags